Snack-kuler med dadler, peanøttsmør og havregryn

God fredag! Igår delte eg eit deilig turmat-tips, og idag blir det tursnacks! Eller eventuelt berre snacks, må jo ikkje ha med desse på tur… 🙂 Denne oppskrifta her er ein kombinasjon av dei typiske daddelkulene som eg har laga i årevis (og har mange forskjellige oppskrifter av) og dei ulike typene med energikuler som eg har delt ulike oppskrifter på det siste året. Den største forskjellen mellom desse er at daddelkulene inneholder dadler og ulike typer heile nøtter, mens energikulene er uten dadler, men med flytande søtning og ulike typer nøttesmør. I desse har eg og brukt meir havregryn enn eg har brukt i daddelkulene. Dagens oppskrift er altså med dadler, peanøttsmør og havregryn. Med kun desse tre ingrediensane kan du trylle fram desse deilige snack-kulene, heilt uten helsekostprodukt! Du kan sjølvsagt bytte ut peanøttsmør med anna type nøttesmør, som mandelsmør eller cashewnøttsmør for å ta noken eksempler. Du bruker glutenfri havregryn for å få heilt glutenfri oppskrift, og ellers så er kulene uten tilsatt både sukker og melk 🙂 PS! Det er viktig at du bruker ferske dadler. Det er desse som gir god sødme, konsistens og smak. Bruker du tørka dadler kan du ikkje forvente det samme resultatet! Dette gjelder alle oppskriftene mine 😉 Visst du må bruke tørka dadler, bruk i tilfelle en god del meir for å få eit bedre resultat. I tillegg kan det hende du må tilsette litt smelta smør e. l for å få bedre konsistens!