Annonse
7. mai 2024
Saftig og skikkelig god sukkerfri gulrotkake

Gulrotkake er og blir ei av favorittkakene mine. Ikkje for søt, ikkje for mektig – med ein nydeleg, frisk glasur. No er vi i gang med mai, den stor festmåneden for mange, og visst du har lyst å lage ei skikkelig god og saftig gulrotkake som også er sukkerfri, så er denne midt i blinken!

Ingredienser, 20×30 cm/ rund form på 22–24 cm i diameter:
3 egg
1 dl valgfri melk
2 ss (30 g) smør, smelta
100 g Kesam original
200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
50 g Sukrin gold
50 g Sukrin+ eller Finesse
1 ts kardemomme og 2 ts kanel
1 ts bakepulver
1 ts natron
1⁄3 ts vaniljepulver eller frø frå 1 vaniljestang (kan sløyfast)
150 g gulrot, raspa
Glasur
1 pakke (125 g) Kremgo ananas & mandarin*
1⁄2 pakke (60 g) Kremgo naturell
1–3 ss Sukrinmelis eller Sukrin+ eller Finesse
-
* Kremgo ananas inneholder bittelitt sukker (4%) til informasjon, så er du heilt avhengig av ei 100% sukkerfri kake, bytt ut denne med kremgo naturell
-
Slik gjer du:
1. Sett omnen på 180 grader (over- og undervarme).
Visp lett saman egg, melk, smør og kesam. Tilsett så resten av ingrediensane og rør alt klumpfritt.
2. Kle forma du skal bruke med bakepapir og hell i røra.
3. Steik midt i omnen i 30–35 minutt, eller til kaka er gjenn- omsteikt. Sjekk undervegs, og avkjøl.
4. Lag så glasuren. Rør saman Kremgo og smak til med søting. Smør over kaka.
5. Skjer opp i passelege stykke. Kaka står seg fint nokre dagar i kjøleskapet og kan frysast med glasur.

Håper den frister!
Annonse
2 Kommentarer
Amalie
29. september 2025
Linda Stuhaug
30. september 2025
SKRIV EN KOMMENTAR