Annonse
10. oktober 2023
Salat med søtpotet, fetaost og granateple
Hei alle!
Eg har dilla på en salat for tida som eg har lyst å dele med dåkke. Den har ikkje så mange ingredienser, men er skikkelig mettande, næringsrik og ikkje minst god! Kombinasjonen av bakt søtpotet, fetaost og granateple er skikkelig digg, og det er nettopp den kombinasjonen du får her😃
Eg ete salaten som lunsj eller lettvint middag, men den kan sjølvsagt passe som tilbehør til kjøtt/fisk/kylling/vegetarmiddag/grillmat også:
Til en porsjon bruker eg:
→ Eit par gode never spinat
→ 1 spisspaprika
→ ca 1 liten søtpotet
→ 1/2 boks fetaost
→ Litt granateplekjerner
→ Topper det heile med balsamico
Det einaste som trenger å tilberedast her er søtpotet, eg pleier å skrelle og kutte opp søtpotet i terninger, ha over litt krydder og olje og bake i ovnen på 200 grader i 30 minutt, eller til søtpotetbitane er heilt møre. Lager alltid masse når eg først er i gang, så har eg bakt søtpotet i ein boks i kjøleskapet. Det står seg ca 1 veke, og då har eg søtpotet klart i kjøleskapet, og kan bruke akkurat når det passer😃
Ellers er det berre å ha ingrediensane i ei skål og nyte!
Anbefalast😃
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR