Annonse
15. mars 2021
Søte, saftige og halvgrove scones
God mandag!
I forrige veke hadde eg ei brun banan i fruktkorga, og hadde lyst til å lage noko nytt og godt med den. I arkivet har eg jo fleire titalls oppskrifter med brune bananer, og eg har nokon gjengangere eg liker å lage, men denne gangen blei en ny og digg oppskrift på scones:
Denne sconesen blei berre SÅ god! Passelig søt, skikkelig saftig og gode både med og uten pålegg. Den er litt grovare då eg har brukt både havremjøl og havregryn i oppskrifta, og ønsker du den enda litt grovare så kan du bytte ut litt meir av det sikta mjølet med havremjøl 🙂
Du trenger, 1 stor scones:
♦ 1 moden banan*
♦ 200 g original kesam (rømme eller creme fraiche kan og brukast)
♦ 1 dl valgfri melk
♦ 50 g valgfri søtning (eg brukte 25 g sukrin+)
♦ 1 toppa ss bakepulver
♦ 200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl*
♦ 50 g havremjøl (du kan lage sjølv ved å finblende havregryn)
♦ 50 g havregryn
* banan gjorde sconesen veeeldig god, men du kan bytte den med 100 g ekstra kesam og litt meir søtning om du ønsker det.
* for å gå scones glutenfri kan du fint bruke eit nøytralt, glutenfritt mjøl. Havregryna og havremjølet må og naturligvis vere glutenfritt.
Mos banana klumpfri med gaffel. Tilsett kesam…
Rør inn melk, valgfri søtning og bakepulver…
Tilsett så tørrvarene og kna til du får en jevn deig. Bruk litt ekstra mjøl om nødvendig. Eg brukte litt ekstra speltmjøl til «utbakinga».
Form en stor, rund scone på eit steikebrett med bakepapir.
Skjær opp i 6-8 scones. Eg hadde nokon bringebær i kjøleskapet som eg trykte ned i deiga, men det er på ingen måte nødvendig – eller du kan bruke andre typer frukt/bær/nøtter.
Steik på 180 grader, over-undervarme i ca. 20 minutt, eller til sconesen er godt gyllen. Avkjøl på rist.
Nyt sconesen varme, lune eller kalde – med eller uten pålegg. Dei smakte virkelig kjempegodt uansett! Som pålegg hadde vi brunost og syltetøy, og det var heilt perfekt, men her er dei fleire typer pålegg som passer fint 🙂
Nyt til frukost, lunsj, turmat, i matpakken, som kveldskos eller til kaffikoppen! Velbekomme♥
Annonse
15 Kommentarer
Trine
8. februar 2024

Linda Stuhaug
11. februar 2024
Inga
9. mai 2021

Linda Stuhaug
9. mai 2021
Viktoria
21. mars 2021

Linda Stuhaug
21. mars 2021
Gerd Helen Husby
19. mars 2021

Linda Stuhaug
20. mars 2021
Mina
17. mars 2021

Linda Stuhaug
17. mars 2021
Elin
22. september 2021
Anne Margrethe Hustad
4. juli 2022

Linda Stuhaug
5. juli 2022
Cathrine
29. mai 2022

Linda Stuhaug
30. mai 2022
SKRIV EN KOMMENTAR