Annonse
16. januar 2024
Sukkerfri Dronning Maud dessert
Hei!
Idag har eg lyst å dele ein av mine favoritter fra boka mi Sunnare søtsaker, nemlig Dronning Maud dessert! Denne smaker virkelig som ekte vare, skulle ikkje trudd den var sukkerfri, og det er det veldig mange som har sagt😊 Men, trenger du ikkje/vil du ikkje ha den sukkerfri, så bruker du berre vanlig sukker istedenfor!
Du trenger, 4 porsjoner:
150 g sukkerfri, mørk sjokolade (evt 70% vanlig mørk sjokolade)
5 dl kremfløyte
5 eggeplommer
20 g Sukrin+ eller Finesse
20 g Sukrin gold
5 gelatinplater
4 ss kokande vatn
Slik gjer du:
1. Rasp sjokoladen på eit rivjern eller køyr han i ein blender eller foodprosessor til han er finraspa.
2. Visp fløyten til krem og sett til side.
3. Visp eggeplommer, Sukrin+ eller Finesse og Sukrin gold til ein luftig eggedosis.
4. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 minutt. Knip vatnet ut av platene og smelt i 4 ss kokande vatn. Rør til gelatinen er oppløyst, og visp lett inn i eggedosisen med ein handvisp. Vend inn kremen til slutt.
5. Legg så moussen lagvis med sjokolade i tre lag i porsjons- glas. Avslutt med sjokolade.
6. La stå i kjøleskapet i minst 4 timar før servering. Desserten kan fint stå eit par dagar i kjøleskapet.
Håper det frister♥︎
Denne og mange fleire sukkerfrie og sunnare alternativ til det søte finner du i mi siste bok Sunnare søtsaker som du kan kjøpe her♥︎ Dette er bibelen for deg om ønsker å bake uten sukker, med alle mine beste tips og triks, og ikkje minst over 80 oppskrifter på alt du kan tenke deg i den søte sjangeren!
PS! 1/4 av oppskriftene er sunnare søtsaker uten sukkererstatning - altså kun med frukt/bær/dadler som søtning😊 Ellers bruker eg sukkererstatning i form av sukrinvarianter og/eller finesse!
Annonse
4 Kommentarer
Merete Eilertsen
17. januar 2024
Linda Stuhaug
18. januar 2024
Monia Andersen
2. juli 2024
Linda Stuhaug
4. juli 2024
SKRIV EN KOMMENTAR