Annonse
17. september 2019
Sukkerfri eplekake med vaniljekrem
Eg har sagt det før og seier det igjen; noko av det aller beste med høsten er norske frukter & grønnsaker… Norske epler er blant favorittane, dei er ikkje berre utrulig gode å ete som dei er, dei er også fantastiske å lage ulike oppskrifter med.
Eplekake er alltid noko eg må lage med norske epler. Eg lager gjerne fleire stykker og fryser ned til seinare. Etter ein runde i ovnen eller mikrobølgeovnen smaker den som nybakt♥
Dagens oppskrift på eplekake er med innbakt vaniljekrem. Denne oppskrifta på eplekaka har ikkje blitt delt på bloggen tidligare, men er etter mi meining bloggens beste oppskrift på eplekake 🙂 Kombinasjonen med vaniljekrem er magisk, og kaka er skikkelig saftig og god i seg sjølv. Nam!
Kaka er sukkerfri, og kan lagast melkefri og/eller glutenfri for dei som treng det – hugs å lese tips & alternativer:
Du trenger:
2 store egg
100 g kesam original
100 g speltmjøl eller kveitemjøl
50 g havremjøl (evt. meir speltmjøl/kveitemjøl)
50 g sukrin gold
25 g sukrin+
0,5 dl melk
2 ss smør, smelta
2 ts bakepulver
1 ts kanel
1/2 oppskrift heimelaga vaniljekrem
–
4 store, norske epler
2 ss sukrin gold
1-2 ts kanel
Slik gjer du:
1. Ha egg, kesam, sukrin gold, sukrin+ og melk i en bakebolle. Visp lett sammen.
2. Tilsett mjøl, kanel og bakepulver, rør klumpfritt og ha oppi smelta smør.
3. Hell røra i en ildfast form med bakepapir. Min form var 30×22 cm, men du kan fint bruke litt mindre eller litt større form. Fordel klatter av vaniljekrem oppå kakerøra.
4. Skrell eplene, del i båter og vend sammen med sukrin gold og kanel. Fordel epleskivene oppå kakarøra med vaniljekrem.
5. Steik kaka på 180 grader, over-undervarme i ca. 30 minutt, eller til kaka er gyllen og gjennomstekt.
Kaka smaker aller best varm eller lun, så lag den gjerne før servering. Den er god kald også, men det er noko spesielt med lun vaniljekrem og eplebiter♥ Eit alternativ er også å varme den litt opp igjen før servering, visst den blir laga på forhånd 🙂
Tips og alternativer*
For melkefri kake: bytt kesam med kokosyoghurt, melk med plantebasert melk og smør med melkefri margarin. Vaniljekremen lager du med plantebasert melk.
For glutenfri kake: bytt ut speltmjøl/kveitemjøl med nøytral, glutenfri tørrvare. Eg har mange følgere/lesere som har gjort dette med suksess! Hugs også at havremjølet må vere spesifisert glutenfritt (du kan lage havremjøl sjølv ved å blende havregryn).
Sukkererstatning: sukrin gold og sukrin+ kan byttast med anna type valgfri søtning som tilsvarer 100 g sukker i kaka, og 2 ss med eplene.
Topping: eplene kan sjølvsagt byttast med anna type frukt/bær av eget ønske for en ny smak og vri.
Oppskrift på verdens beste, heimelaga (og sukkerfri) vaniljekrem/vaniljesaus finner du her♥
Eg brukte altså halve oppskrifta, men lag gjerne dobbel oppskrift på eplekake, så får du brukt heile oppskrifta på vaniljekrem 🙂 Ellers kan du bruke vaniljekremen til noko anna godt!
Nyt eit kakestykke eller tre!
Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger! Tag meg gjerne på instagram med både @lindastuhaug og #lindastuhaug, slik at eg er sikker på at eg får med meg at du lager oppskrifter. Du kan også legge igjen en hilsen i kommentarfeltet her på bloggen, eller på facebook-sida mi HER♥
Annonse
34 Kommentarer
Marianne
16. september 2020
Linda Stuhaug
17. september 2020
Rita
8. april 2021
Linda Stuhaug
11. april 2021
Anita Kihle
29. mars 2021
Linda Stuhaug
30. mars 2021
Cassandra
25. februar 2021
Linda Stuhaug
26. februar 2021
Gunn Heidi Steensohn
8. september 2024
Linda Stuhaug
9. september 2024
Hedda
14. oktober 2019
Linda Stuhaug
14. oktober 2019
Hilde
3. oktober 2019
Linda Stuhaug
3. oktober 2019
Tone
27. september 2019
Linda Stuhaug
27. september 2019
Hildegunn Hjelmstad
26. september 2019
Linda Stuhaug
27. september 2019
marie
22. september 2019
Linda Stuhaug
23. september 2019
Mia
19. september 2019
Linda Stuhaug
20. september 2019
Aashild Haugland Haram
19. september 2019
Linda Stuhaug
20. september 2019
Therese
18. september 2019
Linda Stuhaug
19. september 2019
Susanne
18. september 2019
Linda Stuhaug
18. september 2019
Kari
17. september 2019
Linda Stuhaug
18. september 2019
Synne
14. september 2022
Linda Stuhaug
15. september 2022
Gøril Rivrud
28. september 2023
Linda Stuhaug
1. oktober 2023
SKRIV EN KOMMENTAR