Annonse
28. februar 2020
Sukkerfri sjokoladekonfekt med kaffesmak og nøtter
God fredag! Idag er faktisk ikkje kva som helst fredag, denne frøkna har nemlig BURSDAG 😀 Det er alltid litt stas, og i år får eg akkurat det eg ønsker meg aller mest på bursdagen min: ein fin dag på fjellet♥ Det er gløtt av sol, det er snø og pudder i fjellheimen, eg skal ha med meg digg mat og godt selskap. Bedre blir det rett og slett ikkje!
Men, før eg skal ut på tur så vil eg dele en deilig oppskrift på sukkerfri sjokoladekonfekt med kaffesmak og nøtter:
Oppskrifta er litt lik « Mocca konfekt med karamelliserte nøtter», men i en litt ny vri, og ikkje minst nytt navn. Sjokoladekonfekt med kaffesmak er konfekten for alle som er glad i smaken av sjokolade og kaffe – mocca.
Du trenger, 15-20 biter
100 g sukkerfri, mørk sjokolade (eller 70% mørk sjokolade)*
50 g kokosolje
1 toppa ts pulverkaffi
2 ss kokande vatn
2-3 ss valgfri søtning (eg brukte 1 ss sukrinmelis og 2 ss sukrinsirup)*
en god klype salt
–
50-100 g valgfri usalta nøtter, gjerne rista (eg bruke valnøtter og cashewnøtter)
Slik gjer du:
Smelt sjokolade og kokosolje til det er flytande. Bland pulverkaffe med kokande vatn og rør inn. Tilsett også søtning og salt.
Hell massen over i ein liten matboks med bakepapir eller silikonformer. Fordel nøttene på toppen og trykk lett ned i sjokoladeblandinga.
Sett i kjøleskapet til konfekten er stivna. Oppbevarast kjølig.
Tips og alternativer*
→ Sjokolade: bruk sukkerfri, mørk sjokolade om du ønsker at konfekten skal vere sukkerfri. Er ikkje dette så nøye kan du fint brukt vanlig 70% mørk sjokolade fra butikken. Den har eg brukt fleire ganger sjølv 🙂
→ Som valgfri søtning anbefaler eg å bruke pulverisert eller flytande alternativ. Visst du f.eks bruker sukrin gold anbefaler eg å smelte denne i det kokande vatnet etter du har rørt ut pulverkaffien. Det er fordi den ikkje vil løyse seg opp i sjokoladeblandinga visst ikkje.
→ Nøtter: her bruker du dei nøttene du liker og har tilgjengelig. Du kan sjølvsagt lage konfekten uten nøtter også, men det er veldig godt med litt crunch 🙂 Rist nøttene i tørr steikepanne til dei er gylne, eller på 180 grader til dei er gylne. Hugs å avkjøle.
Sjokoladekonfekten smelter på tunga, er silkemjuk i konsistensen og berre skikkelig god. Nam!
Håper det ser fristande ut!
Då er det berre å svinge seg rundt og nyte ein fin bursdag til fjells♥ Håper alle får ein nydelig fredag og riktig god helg!
Annonse
14 Kommentarer
Linda
5. april 2020

Linda Stuhaug
5. april 2020
mari
1. mars 2020

Linda Stuhaug
2. mars 2020
Kristiane
1. mars 2020

Linda Stuhaug
2. mars 2020
Lone
28. februar 2020

Linda Stuhaug
29. februar 2020
Birgitte
28. februar 2020

Linda Stuhaug
29. februar 2020
Mari
28. februar 2020

Linda Stuhaug
29. februar 2020
Live Nærø
7. desember 2020

Linda Stuhaug
7. desember 2020
SKRIV EN KOMMENTAR