Annonse
26. november 2019
Sukkerfri, sprø havrekjeks med sjokoladebiter
Hei godtfolk!
Desse sukkerfri havrekjeksa med sjokoladebiter blei berre SÅ gode! Passelig sprø, passelig søte og berre nydelige på smak. Ein stor bonus at dei er superenkle å lage, her er det berre å «røre sammen ingrediesane» steg for steg, forme til kjeks og til slutt steike dei sprø og gylne i ovnen 🙂
Oppskrifta er inspirert av Linn Sprudlende sunn, ho la ut en lignande versjon på instagram for litt sida (@linn_sprudlendesunn) og då fekk eg umiddelbart lyst å prøve meg på min egen vri av oppskrifta hennas♥

Du trenger, 25 stk
100 g smør, romtemperert*
100 g sukrin gold*
1 egg
1 ts ekte vaniljepulver (kan sløyfast)
150 g lettkokte havregryn
50 g sikta speltmjøl/kveitemjøl/glutenfritt mjøl*
50 g sukkerfri sjokolade*
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 175 grader, over-undervarme. Rør lett sammen smør og sukrin gold.
2. Vend inn egg, etterfulgt av vaniljepulver, havregryn og mjøl.
3. Bland godt sammen før du tilsetter grovhakka sjokolade.
4. Kna sjokoladen inn i deiga. Ta ei god spiseskei av deiga og form til flate kjeks på eit steikebrett med bakepapir.
5. Steik midt i ovnen i 12-15 minutt, til kjeksa er gylne. Avkjøl litt på steikebrettet før du drar bakepapiret med kjeksa over på ei rist og avkjøler til dei blir heilt kalde.

Kjeksa oppbevarer du i en kakeboks. Dei står seg fint i nokre veker♥

Tips & alternativer
→ Må du ha melkefri kjeks? Bytt smør med melkefri margarin, og bruk melkefri (og evt. sukkerfri) sjokolade.
→ Må du ha glutenfri kjeks? Bruk glutenfri havregryn og glutenfritt mjøl.
→ Sukrin gold kan byttast med anna søtning du liker, så lenge den har cirka samme konsistens/volum som sukrin gold. Du kan sjølvsagt bruke sukker også om du ikkje har eit ønske om at dei skal vere sukkerfri.
→ Du bestemmer sjølv kva type sukkerfri (eller ikkje-sukkerfri) sjokolade du bruker. Eg foretrekker mørk sjokolade, men bruk gjerne lys sjokolade dersom du liker det bedre. Det er ikkje alltid så viktig at oppskrifta er heilt sukkerfri, og då bruker eg gjerne vanlig 70% mørk sjokolade fra dagligvarebutikken. Ellers foretrekker eg som alltid Cavalier sin sukkerfri sjokolade som eg kjøper på helsekostbutikk.

Perfekte havrekjeks som du kan ha med på tur eller mellommåltid på farta, eller berre nyte til kaffikoppen eller kveldskosen!

Eg har absolutt tenkt å prøve desse i fleire varianter med ulike ingredienser og smakstilsetninger. Ein juleversjon vil også komme etterkvart når desember er i gang 🙂

Håper kjeksa ser fristande ut!
Eg synes (som sagt) dei var fantastisk gode, og det synes resten av familien også 🙂 Typen åt opp nesten heile boksen på eit par dager, det er absolutt eit godt tegn…!
Annonse