Annonse
17. mars 2023
Sukkerfrie kanelsnurrer med kremostglasur
Vil du bake KANELSNURRER i helga?
Desse er sukkerfrie, men likevell skikkelig saftige og gode♥︎ Har fått sååå mange gode tilbakemeldinger på oppskrifta, og du kan såklart bruke deigen til å lage andre typer boller også!
Oppskrifta er henta fra nyaste boka mi « Sunnare søtsaker» som du ut helga får på supertilbud til 299 kr,- inkludert frakt! Visst du har lyst på fleire av mine kokebøker får du dei to andre til kun 249 kr,-🤩
Tilbudet varer ut helga, og du finner bøkene her♥︎
Ingredienser, 14-16 stk:
100 g smør
3 dl valfri melk
1 egg
500 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
75 g Fiberfin (eller 75 g ekstra mjøl)
50 g Sukrin+ eller Finesse
1⁄2 pakke tørrgjær
1 ss flytande honning (næring til gjæren)
1 ts kardemomme
Slik gjer du:
1. Smelt smør og ha oppi melk. Varm til det er fingervarmt. Ha oppi egget.
2. Ha mjøl, Fiberfin, søting, tørrgjær, honning og kardemomme i ei eltemaskin. Hell oppi det våte.
3. Elt deigen til han er glatt og smidig, cirka 10 minutt. Juster undervegs med litt ekstra mjøl om nødvendig. Dekk til deigen og la den heve til dobbel størrelse, 1–2 timar.
4. Kjevle ut deigen til eit rektangel. Fordel eit tynt lag med smør, Sukrin+ eller Finesse og kanel. Rull deigen saman og skjer opp i 14–16 bitar.
5. Dekk to steikebrett med bakepapir og legg bollane på bretta. Dekk til og la bollane heve i 1–1,5 time på ein lun plass.
6. Pensle gjerne bollane med vispa egg før steiking. Steik midt i ovnen på 200 grader (over- og undervarme) i 10–15 minutt, til bollane er gylne. Avkjøl på rist.
Kremostglasuren lager du ved å røre sammen 200 g kremost naturell og 4 ss sukrinmelis/2 ss finesse!
Håper det frister! God helg alle sammen!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR