Annonse
9. juni 2017
Sunne og saftige jordbærmuffins

God fredag!
Gårsdagen gjekk i ett og mitt planlagte innlegg fikk eg ikkje tid til å dele med dokke. Men idag svipper eg innom igjen med noken sunne og saftige jordbærmuffins! Desse blei SÅ gode og er superenkle å slenge sammen 🙂
Uten tilsatt sukker, kan lages glutenfri og melkefri, grove (uten at det kjennes slik) og såpass sunne at du kan nyte dei til lunsj. Det gjorde nemlig eg 😉 Perfekt når den norske jordbærsesongen snart er i gang!

Du trenger, 8 stk
Muffinsrøre
2 egg
130 g original kesam*
1 ss ekte smør, smelta
50 g havremjøl *
30 g speltmjøl, evt. kokosmjøl eller anna glutenfri tørrvare*
50 g sukrin gold *
25 g sukrin+ *
1 ts ekte vaniljepulver
1 ts bakepulver
8 stk jordbær
Topping
100 g philadelphia
2 ss sukrinmelis (smak til)
eit dryss ekte vaniljepulver
4 stk jordbær

Slik gjer du:
Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Bland sammen alle ingrediensene til muffinsrøra (-jordbær) til en jevn og glatt røre. Juster med en skvett vatn om nødvendig.
Fordel røra i 8 muffinsformer og trykk eit jordbær nedi formene. Steik muffinsane midt i ovnen i 15-20 minutter, til dei er gjennomstekt. Avkjøl på rist.
Bland sammen ingrediensene til glasuren og smak til. Bre over muffinsane når dei er avkjølte og topp med jordbær delt i to. Oppbevares i kjøleskapet til dei skal nytast 🙂

Tips og alternativer*
For melkefri muffins anbefaler eg å bruke kokoskrem/kokosyoghurt framfor kesam.
Havremjøl, kokosmjøl og speltmjøl kan byttast med andre tørrvarer tilsvarande 80 g mjøl. Vær obs på at ulike mjøltyper vil gi ulikt resultat. Eg blir alltid fornøgd med havremjøl og speltmjøl/kokosmjøl 🙂
Sukrin gold og sukrin+ kan og byttast med anna søtning tilsvarande 100 g sukker. Anbefaler ikkje kun å bruke vanlig sukrin.

Kan fint stå nokon dager i kjøleskap. Oppskrifta kan også lages som ei kake om du ønsker det!


Gode å bake til kvardag eller helg!
Nyt helga alle sammen♥
Annonse