Annonse
9. desember 2019
Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks
… perfekt med brunost på♥
Overskrifta blei vel lang, så eg droppa den siste delen 😉 Men dette er altså tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks er knasande gode aleine, men ekstra gode med pålegg på. Brunost er min favoritt, men dei er også gode med kvitost, cottage cheese & syltetøy, blåmuggost & honning… Veldig gode til fleire typer ost, rett og slett!
Havrekjeksa er sukkerfri, og kan fint lagast glutenfri og/eller melkefri for dei om treng det. Men – du bestemmer heilt sjølv kva søtning du vil bruke, og foretrekker du sukker framover sukrin gold, så er det heilt uproblematisk å bruke det:
Havrekjeks, 20-25 stk
3 dl havregryn*
1 dl melk*
40 g smør, smelta*
1 ts bakepulver
2 ss sukrin gold (eller anna søtning tilsvarande 2 ss sukker)
2 ss sikta speltmjøl/kveitemjøl/glutenfritt mjøl
en klype salt
evt. ekstra smakstilseting*
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 175 grader, over-undervarme. Bland havregryn med melk og smør, la stå i 5-10 minutt. Bland så inn resten av ingrediensane til en deig.
2. Bruk litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken til utbaking. Kjevle deiga forsiktig ut til 2-4 mm tjukkelse og stikk/skjær ut passelige former.
3. Bruk en steikespade eller ostehøvel for å flytte kjeksa over på eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i ca. 15 minutt, til kjeksa er gylne.
4. Havrekjeksa skal no vere sprø, men eit tips dersom du vil vere heilt sikker: lat opp ovnsdøra for å slippe ut ein del varme, og la deretter kjeksa stå i ettervarmen i ovnen i minst 30 minutt, gjerne lengre. Avkjøl på rist.
Tips og alternativer*
→ For glutenfri kjeks bruker du naturligvis glutenfri havregryn og glutenfritt mjøl.
→ For melkefri kjeks bruker du melkefri margarin eller ghee og plantebasert melk.
→ Smakstilsetning: vil du ha litt ekstra smak på havrekjeksa er det veldig godt med 1/2-1 ts kanel, kardemomme og/eller vaniljepulver. Eg lagde dei nøytrale denne gangen, og synes det er minst like godt.
Kjeksa oppbevarer du i en kakeboks eller i eit glass på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Dei står seg i vekesvis!
Havrekjeks er noko mange forbinder med jula, men havrekjeksa passer like godt året rundt 🙂 Nyt til kaffikoppen, kveldskosen, enkel frukost, mellommåltid på farten eller tursnacks♥
Eg fekk 25 kjeks av oppskrifta denne gangen, men antallet varierer etter størrelse og tjukkelse. Av og til lager eg dei litt tjukkare, og då går naturligvis antalla ned 🙂 Tjukkelsen bestemmer du heilt sjølv etter kva du liker best!
Eg har laga dobbel oppskrift og har 50 havrekjeks i kakeboksen no, så håper virkelig at det varer ei stund… 😉
Håper fleire har lyst å prøve desse kjeksa♥ Og har du forresten sett oppskrifta før, så er den faktisk delt for 4,5 år sidan her!
Det blir litt ekstra fokus på jul no framover, eg har så mange oppskrifter eg vil dele med dokke 🙂 MEN eg skal diske opp med litt anna enn berre julekaker og juleoppskrifter også innimellom (men ikkje så alt for ofte, hehe). Eg veit vertfall at oppskriftene blir satt pris på hos veldig mange, og visst man er på utkikk etter andre ting, så har eg jo hundrevis (om ikkje tusenvis) av oppskrifter i arkivet 😀 Stay tuned!
Annonse
46 Kommentarer
May
24. august 2020

Linda Stuhaug
24. august 2020
Lynn Helen
24. februar 2021

Linda Stuhaug
24. februar 2021
Tonje
3. februar 2022

Linda Stuhaug
4. februar 2022
Anne Marie
26. januar 2022

Linda Stuhaug
27. januar 2022
Trine Hole
17. desember 2021

Linda Stuhaug
19. desember 2021
Anne
15. desember 2021

Linda Stuhaug
16. desember 2021
Marthe
14. desember 2019

Linda Stuhaug
14. desember 2019
Ida
11. desember 2019

Linda Stuhaug
11. desember 2019
Torunn
10. desember 2019

Linda Stuhaug
11. desember 2019
Malene
9. desember 2019

Linda Stuhaug
10. desember 2019
Carmen Rashawy
9. desember 2019

Linda Stuhaug
10. desember 2019
Ann-Karin
13. juli 2024

Linda Stuhaug
14. juli 2024
Britt marit
11. juni 2024

Linda Stuhaug
11. juni 2024
Grete
2. desember 2024

Linda Stuhaug
3. desember 2024
Annette Johnsdatter Trønnes
13. august 2024

Linda Stuhaug
13. august 2024
Inger søreng
15. desember 2020

Linda Stuhaug
16. desember 2020
Sofie
18. november 2020

Linda Stuhaug
18. november 2020
Faragondk
3. mai 2022

Linda Stuhaug
3. mai 2022
Lene
22. november 2022

Linda Stuhaug
23. november 2022
Laila Breidvik
23. april 2023

Linda Stuhaug
23. april 2023
Svanhild
18. desember 2022

Linda Stuhaug
19. desember 2022
Kristin Dyrseth
13. juni 2024

Linda Stuhaug
14. juni 2024
Guri
29. desember 2022

Linda Stuhaug
3. januar 2023
SKRIV EN KOMMENTAR