Annonse
11. november 2019
Vegetarboller med rotmos
God mandag!
Vi er som alltid i det kjøttfri hjørnet på mandager, og idag får dokke servert denne deilige tallerken:
Vegetarboller med rotmos!
Eg fant (igjen) desse vegetarbollane fra Tine på halv pris pga. dato. Dei har eg kjøpt og laga mange ganger før, og eg synes dei er skikkelig gode. Denne gangen serverte eg med rotmos, og det blei stor suksess i heimen 🙂
Du trenger, 2 porsjoner
1 pk VGTR boller
1 stor søtpotet
4-5 store gulerøtter
salt og pepper
smør til steiking
Gjerne litt finraspa parmesan og alfaspirer som topping
Slik gjer du:
Skrell søtpotet og gulrot, del opp i små biter. Kok bitane møre, hell av vatnet og bruk ein stavmiksar til å lage rotmos. Smak rotmosen til med salt, pepper og en klatt med smør.
Steik vegetarbollane i smør på middels varme i 5-6 minutt. Snu vegetarbollane underveis så alle sider får steikeskorpe.
Server vegetarbollane på en seng av rotmos. Topp gjene med finraspa parmesan og alfaspirer.
Her ser du ein tidligare oppskrift med VGTR bollane som eg har delt med dokke:
Vegetarboller med enkel, digg quinoasalat & tzatziki. Oppskrift finner du her.
Rotmos kan du også lage med kålrot, pastinakk, persillerot, sellerirot eller lignande istedenfor gulrot for å få ein ny vri. Du kan også smake til rotmosen med ulike krydder, kvitløk, chili eller lignande for ein meir smakfull variant.
Du kan bruke akkurat dei vegetarbollane du liker og har tilgjengelig. Du kan også lage heimelaga sjølvsagt 🙂 Eg berre synes desse er veldig gode, og eg finner dei ofte nedsatt pga. dato. Då kjøper eg alle og fyller opp frysaren!
Ha en herlig mandag 😀
Annonse
2 Kommentarer
Ida
19. juli 2020

Linda Stuhaug
19. juli 2020
SKRIV EN KOMMENTAR