Annonse
7. april 2021
5 gode smoothietips til deg!
Vi går mot vår, sommar og smoothiesesong♥ Smoothie er noko eg drikker/ete heile året, men definitivt aller mest på sommahalvåret. Det kan nytast som sunn kos, som mellommåltid, som dessert eller som eit fullverdig måltid. For min del er smoothie som regel eit fullverdig måltid til frukost, lunsj eller kveldsmat – og eg liker den best med ein tjukk og god konsistens slik at eg må ete den med skei – sjølv om eg og innimellom lager den flytande og drikker den med sugerør 🙂
Uansett, visst du er som meg og bruker smoothie som eit fullverdig måltid, så har eg lyst til å dele 5 gode smoothietips med deg idag!
♦ Hugs alltid en proteinkilde og fettkilde i smoothien din!
Lager du smoothie med juice, frukt og bær – så er det ikkje mykje protein og fett å skryte av. Eg passer alltid på at smoothien min inneholder protein og fett, og det er fordi måltidet skal mette godt, holde meg mett i nokon timer og gi meg stabilt blodsukker. Personlig bruker eg nesten alltid ein proteinrik yoghurt/kesam/kvarg/cottage cheese i min smoothie og/eller proteinpulver (fordi det er godt, les siste tips!). Som fettkilde bruker eg enten avokado, ein fettrik yoghurt, olivenolje med omega-3, nøttesmør eller nøtter – i eller som topping på smoothien 🙂
♦ Tilsett grønnsaker – uten at det går ut over smaken!
Å bruke grønnsaker i smoothien har eg gjort i årevis. På denne måten får du lurt inn en eksta porsjon med grønt + enda meir næring, uten at det nødvendigvis går ut over smaken. Du kan bruke både ferske og fryste grønnsaker, og dei grønnsakene eg bruker mest er spinat, blomkål, brokkoli, gulrot, rødbeter og agurk. Det handler naturligvis litt om mengde og type grønnsak når det kjem til smak, men så lenge du ikkje bruker for mykje vil det ikkje smake 🙂
♦ Søt frukt og/eller litt søtning er alfa omega for en god smoothie!
… spørr du meg iallfall! Det er ulik sødme på ulike frukter/bær, og sødmen kan og variere. Det er stor forskjell på en grønn banan og en brun banan, for å ta eit eksempel. Visst du ikkje synes smoothien blir søt nok med frukt og bær du har brukt, så kan det å tilsette litt ekstra søtning løfte smoothien fleire hakk 🙂 Søtning kan vere melis, sukrinmelis, honning etc – eller du kan bruke en skvett med saft/syltetøy – usukra eller sukra – alt etter kva du sjølv ønsker.
♦ Har du frukt, bær eller grønnsaker som burde etast? Eller kanskje grønnsaksrester etter middagen? Frys ned og bruke i smoothie!
Nesten alt av frukt og grønt kan frysast ned. Har du en blomkål i kjøleskapsskuffa som du ikkje får brukt? Ein moden mango? Ei brun banan? Dette kan du tilsette ferskt i smoothie, eller eventuelt fryse ned så du kan bruke det seinare. Frukt og grønt har ingenting i boss å gjere, og det er heilt supert å ha i fryseren og bruke til smoothie – så får du redusert matsvinnet i tillegg♥
♦ Proteinpulver gir en utrulig god smak og fløyelsmjuk, fluffy konsistens!
Har du proteinpulver i hus? Prøv å tilsette det i smoothien neste gang! Dåkke som har fulgt meg i nokon år veit at eg har brukt dette mykje i oppskriftene mine, men eg poengterer alltid at det kan sløyfast. Det handler på ingen måte om proteinane, det er berre en bonus, det handler utelukkande om god smak og ein skikkelig digg konsistens 🙂 Eg bruker stort sett proteinpulver i vaniljesmak, fordi den passer til alle ulike smaker.
Håper du fekk nokon gode tips her!
Hugs at eg har en egen kategori her på bloggen med « Smoothie og juice» visst du trenger inspirasjon 🙂 Framover vil det og bli meir og meir oppskrifter, sida vi går mot sommerhalvåret♥ Har du eit smoothietips du vil dele, så må du berre gjere det i kommentarfeltet!
Annonse
8 Kommentarer
Julie
3. mai 2021

Linda Stuhaug
3. mai 2021
Karoline
7. april 2021
petter
13. april 2021

Linda Stuhaug
14. april 2021

Linda Stuhaug
8. april 2021
knut berg
13. april 2021

Linda Stuhaug
14. april 2021
SKRIV EN KOMMENTAR