Annonse
20. januar 2020
Alt-i-ett indisk gryte med poteter, kikerter & spinat
Det er mandag igjen! Kjøttfri mandag, som alltid 🙂
Dagens oppskrift er inspirert av fantastiske Mari bak Vegetarbloggen♥ Eg blir alltid veldig frista av dei rålekre, veganske rettane ho legger ut, etter mi meining er Mari den desidert beste vegetar/veganbloggaren i Norge. Ho er også min forfattarkollega i Frisk Forlag, det var faktisk Mari som introduserte meg for forlaget tilbake i 2016/2017 (?), så uten Mari er det ikkje sikkert det hadde vore noko forfattar Stuhaug 🙂
Eg har vertfall blitt inspirert av oppskrifta hennas på indisk gryte med poteter og erter, men har som alltid laga min egen vri; Indisk gryte med poteter, kikerter og spinat. Enkel å lage, relativt kjapp og fantastisk god!
Indisk gryte med poteter, kikerter og spinat, 2-4 personer
2-3 sjalottløk, grovhakka
1 kinesisk kvitløk, finhakka
1 ss raspa ingefær
krydder: 5 ts garam masala, 4 ts spisskummin, 2 ts paprika, 2 ts gurkemeie
500 g mandelpotet, vaska og delt i 1 cm skiver
2-3 gulerøtter, skrelt og delt i 1 cm skiver
400 g hakka tomater
250 ml kokosmelk
3 dl vatn + 1 terning grønnsaksbuljong
1-2 ss tomatpure
100 g fersk spinat
1 boks kikerter
salt, pepper og saft fra 1/2 lime
olje til steiking
Slik gjer du:
1. Steik sjalottløk, kvitløk og ingefær i olje eit par minutt. Tilsett alle krydder og steik vidare eit par minutt til.
2. Tilsett potet, gulrot, hakka tomater, kokosmelk, vatn og buljong. Kok opp og la det småkoke i 10-15 minutt, eller til potetene begynner å bli møre.
3. Tilsett tomatpure, spinat og kikerter. Rør forsiktig inn og la gryta småkoke eit par minutt medan du smaker til med salt, pepper og limesaft.
Og gryta er klar til servering!
I utgangspunktet har du alt-i-ett i denne gryta, men server gjerne med ekstra tilbehør om ønskelig. Mari serverte sin indiske gryte med ris, mangochytney og fersk koriander, dette passer nok midt i blinken 🙂 Eg serverte med ris og ein frisk, enkel salat med mykje moden mango oppi!
Grunnen til at dte står 2-4 personer i oppskrifta, er fordi det vil variere om ein serverer med ekstra tilbehør, og eventuelt kva tilbehør.
Og som eg nesten alltid skriver til dokke: ikkje heng dokke opp i enkeltingredienser! Basen er viktig for å få riktige smaker, men det har ingenting å bety om du ikkje har gulrot, bytter ut gulrot med blomkål, bruker bønner eller erter istedenfor kikerter, dropper spinaten… De skjønner greia etterkvart!
Eg pleier ikkje å poengtere om mine vegetariske retter også er veganske, men dette er altså ein vegansk middag. Passer like godt til vegetarianere, veganere, kjøttetere, eldre og yngre 🙂
Håper det ser fristande ut, og at du har lyst å prøve♥ Ha en herlig mandag!
Annonse
26 Kommentarer
Pia Aarskog
25. august 2020

Linda Stuhaug
27. august 2020
Therese
5. august 2023

Linda Stuhaug
6. august 2023
Katrine Ness
16. august 2020

Linda Stuhaug
17. august 2020
Tuva
13. februar 2021

Linda Stuhaug
14. februar 2021
Randi Trøan Larsen
7. januar 2021

Linda Stuhaug
8. januar 2021
Yvonne
8. februar 2020

Linda Stuhaug
9. februar 2020
Andrea
27. januar 2020

Linda Stuhaug
28. januar 2020
Kristiane
23. januar 2020

Linda Stuhaug
24. januar 2020
Carina Ekern
20. januar 2020

Linda Stuhaug
20. januar 2020
Janita
11. november 2022

Linda Stuhaug
11. november 2022
Michael
27. mai 2020

Linda Stuhaug
27. mai 2020
Victoria
30. april 2020

Linda Stuhaug
1. mai 2020
Dagun Indrebø Muri
27. februar 2020

Linda Stuhaug
28. februar 2020
SKRIV EN KOMMENTAR