LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Publisert for nesten 8 år siden|Tips og triks

Korleis er ein typisk matdag for meg?

Korleis er ein typisk matdag for meg?

Då er vi i gang med vekas spørsmål! Eg fikk eit spørsmål tidligare denne veka om eg kunne skrive eit innlegg om korleis en typisk matdag for meg ser ut, så dette tenkte eg var en fin start på min nye greie 🙂 Som nevnt tidligare så svarer eg på spørsmål som går igjen, eller spørsmål som de kjem konkret med, i eit eget blogginnlegg ein gang i veka. Det kan vere alt fra baketips til ernæringsråd eller personlige spørsmål. Eg har ei liste med spørsmål allerede, men legg gjerne igjen en kommentar med spørsmål om du sitter inne med nokon, det er alltid kjekt å ha meir å velge i♥

Korleis er ein typisk matdag for meg? - image 1

Så, ein typisk matdag for meg. Matdagen min blir lagt opp etter korleis dagen ser ut, og dagane mine er veldig forskjellige heile tida, derfor er det også ganske stor variasjon i matmønsteret mitt. Eg trives best med 4 hovedmåltid; frukost, lunsj, middag og kveldsmat, og ete eventuelt mellommåltid ved behov. Det viktigaste for min del er vertfall at eg ikkje går for lenge uten mat og at eg ikkje går å småspiser gjennom dagen, det tærer på energinivået og gir meg berre vondt i magen. Mengdene varierer ut fra sultfølelse og kor aktiv eg er, eg ete til eg er passelig mett, og det funka for meg 🙂

Korleis er ein typisk matdag for meg? - image 2

FRUKOST
Eg liker definitivt best å starte dagen med noko salt. Proteinrikt havrebrød, lomper eller heimelaga knekkebrød med godt pålegg er frukosten min 95% av dagane. Her varierer eg pålegget fra dag til dag, toppa med grønnsaker. To kopper kaffe høyrer også med på morgonkvisten!

Korleis er ein typisk matdag for meg? - image 3

♦ Proteinrikt havrebrød med chiafrø – oppskrift HER.
♦ Lompefavoritt –oppskrift HER.
♦ Heimelaga knekkebrød med gresskarkjerner og valnøtter –oppskrift HER.

*

LUNSJ
Lunsjen min varierar enormt, alt etter om eg har heimekontor, er på jobben eller er på farten. Dei tre siste åra har eg jo eg vore student, og då har matpakken blitt laga kvar einaste kveld. For ja, eg lager alltid klar matpakken (om eg ikkje har heimekontor) kvelden i forvegen, og koser meg med det 🙂 Ofte blir det middagsrester eller en smakfull salat i boks, en slags eggerett (omelett, eggemuffins, omelettwraps) eller lompewraps med godt pålegg og ekstra grønnsaker. Lunsjen min er alltid fargerik!

Korleis er ein typisk matdag for meg? - image 4

♦ Middagsrester i boks; alt-i-en-panne middag med karbonadedeig og quinoa – oppskrift HER.
♦ Omelett med tubeost – oppskrift HER.
♦ Lompewraps med laks og avokado –oppskrift HER.

*

MIDDAG
Middagen min er jo og ganske stor variasjon i, både fra periode til periode, og kor eg er i landet. Om eg ikkje har en kjøkkendag eller bloggmiddag i fokus, så blir det alltid noko enkelt og lettvint. Enten skal det gå fort, eller så skal det stå å lage seg sjølv i gryta/ovnen medan eg kan gjere andre ting. Eg pleier veldig ofte å mikse sammen middagen ut fra ingrediensane eg har i kjøleskap og kjøkkenskap – middagen blir ofte til underveis, med andre ord. Alt-i-ovnen middager eller alt-i-en-gryte er noko eg lager 70% av tida, der eg mikser og trikser med slappe grønnsaker og kjøtt/fisk eg har tilgjengelig. Middagen min består også alltid av mykje grønt! Her er tre typiske middager til kvardags for min del:

Korleis er ein typisk matdag for meg? - image 5


♦ Pestogratinert laks med ovnsbakte grønnsaker og poteter –oppskift HER.
♦ Enkel lapskaus – oppskrift HER.
♦ Krema karbonadedeig – oppskrift HER.

*

KVELDSMAT
Til kveldsmat liker eg å ete det andre ofte liker best å ete til frukost. For å ta eit eksempel så lager eg svært sjelden havregraut til frukost, men heller ofte til kveldsmat, spesielt på vinterhalvåret. Akkurat no så har eg skikkelig dilla på sjoko-banan-peanøttsmør-smoothien som eg delte oppskrift på for litt sida. Ellers er havrelapper/havrepannekaker en slager, eller ei skål med yoghurt/cottage cheese med frukt, bær og nøtter. Her varierer eg ut fra kva eg har tilgjengelig og kva eg har lyst på. Ingen skåler er like!

Korleis er ein typisk matdag for meg? - image 6


♦ Sjoko-banan-peanøttsmør-smoothie – oppskrift HER.
♦ Sunne, saftige havrelapper – oppskrift HER.
♦ Yoghurtskål med banan og sukkerfri, brente mandler –oppskrift HER.

Korleis er ein typisk matdag for meg? - image 7

Foto: Jon Marius Nilsson

Til mellommåltid blir det ofte frukt og nøtter/yoghurt, knaskegulerøtter, en questbar eller lignande. Det er som regel ikkje nødvendig, men eg har det alltid tilgjengelig 🙂

Så, det var en typisk matdag for meg! No vil eg gjerne høyre korleis en typisk matdag for DEG ser ut! Legg gjerne igjen en tilbakemelding i kommentarfeltet, det er så kjekt å høyre fra dåkke♥ Og hugs å gi meg en tilbakemelding på spørsmål som du vil eg skal ta opp i vekas spørsmål framover. Det må vere noko eg kan svare litt utdjupane på 🙂