Annonse
30. juni 2025
Babymat: mango- og avokadomos med litt ekstra næring

I forrige veke handla eg og lagde en nydelig kylling-satay-salat, og då brukte eg noken av dei ingrediensane til å lage litt babymat i samme slengen - kjapt og enkelt👶🏻 Dette er en mango-avokado-edamame-mos, Emmien likte det vertfall sikkelig godt!

→ Fra 6 mnd. Hugs at allergen skal introduserast en og en!
→ Kan og gis fra 4 mnd, men då anbefaler eg å bruke kun mango og avokado. Edamamebønner/belgvekstrer kan vere litt hardt for magen, det har vertfall eg venta med til 6 mnd.

Du trenger, ca 6-8 babyporsjoner:
• 1 avokado
• 1/2 stor mango
• eit par gode never edamamebønner (kan òg bruke f.eks erter eller linser/valgfrie bønner på kartong. Hugs å skylle dei godt)
• en liten skvis sitron
Slik gjer du:
Edamamebønnene kjøper eg ferdig rensa i frysedisken, desse skal koke 2-3 minutter. Avkjøl under rennande, kaldt vatn.
Ha ingrediensane i en liten foodprosessor (kan og bruke blender eller stavmiksar) og mos. Voila!

❄️ Kan stå eit par dager i kjøleskap, ellers kan eg anbefale i fryse i silikonformer. Står seg minst ett par mnd i fryseren.

Kan serverast som den er, eller gjer den enda meir næringsrik (mtp jern spesielt) ved å tilsette f.eks litt hempfrø, litt tahini eller en kokt eggeplomme.

Håper du blir inspirert til å lage litt enkel, heimelaga mat til babyen din♥︎
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR