Annonse
24. august 2018
Det er heilt forbanna uaktuelt

For eit par veker sidan så spurte eg både her på bloggen og på instagram om det hadde vore kjekt med noko litt nytt; VEKAS LESARSPØRSMÅL. Då er tanken å svare på spørsmål om de kjem konkret med, eller spørsmål som eg får gjentatte ganger iløpet av ei veke. Det kan vere alt fra baketips til ernæringsråd eller personlige spørsmål, og spørsmålet svarer eg utdjupane på i eit blogginnlegg.
Eg fikk mykje positiv respons, og det er til og med nokon av dåkke som har etterspurt vekas lesarspørsmål denne veka. Det er jo veldig kjekt! Tanken er å starte neste veke, men først vil eg berre få fram eit lite poeng med denne bloggen…
Etterfulgt av spørsmålet om vekas lesarspørsmål er av interesse (på instagram), så la eg inn eit nytt spørsmål: er det noko anna du savner eller vil ha meir av på bloggen? Her eksploderte tilbakemeldingane, og 30% av alle svara eg fekk, gjekk ut på det samme.
«Bloggen din har alt utenom en ting: kaloriinnhold. Vi er mange som er opptatt av hva maten inneholder, tenk litt på oss også»
«Kan du ikke starte å regne ut kalorier i oppskriftene dine? Det er så tiltak å gjøre selv, hehe…»
«Det eneste jeg savner er at du regner ut kalorier i oppskriftene dine. Helst hele oppskriften, men også per porsjon, eller per stykk»
«Næringsinnhold savnes…»
«Både bloggen og boken din hadde vært SÅ mye bedre om du bare hadde giddet å regne ut kalorier. Skjønner ikke hvorfor du du skal være så spydig på dette området»
Ja. Det skjønner nok kva det går i. Eg har blitt kalla både frekk, spydig og gammaldags fordi eg ikkje sitter å rekner ut kalorier på oppskriftene eg deler… Ikkje tru eg tar meg nær av det, altså. For det gjer eg ikkje 🙂
Spørsmålet om kalorier og næringsrinnhold dukker opp nesten daglig ift. oppskrifter eg deler på bloggen min. Så dette er generelt eit svar til alle dåkke som spørr: det er heilt forbanna uaktuelt.
Kall meg gjerne frekk, spydig eller gammaldags igjen. Sei gjerne at det er ein finare måte å skrive det på. Det er det absolutt – men no vil eg faktisk få fram poenget her, og om eg mister 30% av lesarane mine på det: snakkes!!

Foto: Jon Marius Nilsson
Eg er ingen svart/kvitt tenkar. Det er ikkje slik at eg er fullstendig imot kaloritelling. I nokon tilfeller og samanhengar så tenker eg faktisk at det kan vere gunstig og lærerikt for mange å vege maten sin, rekne kalorier (og næringssammensetning; protein, karbohydrat, fett, fiber…) for å kartlegge kostholdet. Då over en mindre periode, sjølvsagt. Det har eg sjølv gjort i nokon tilfeller dei siste åra der eg har kjent at noko er feil, eller vekta har gått nedover uten at det har vore meininga.
Det er heller ikkje slik at det krever så veldig mykje av meg å finne ut kaloriinnhold i en oppskrift. I mange tilfeller kan eg ved eit augekast over ingredienslista finne ut kva maten inneholder. Dei aller fleste av dåkke veit historia mi, der eg gjekk fra overvektig til undervektig på eit halvt år som 16-åring. Eg gjekk i fella med kaloritelling, vog maten min og finrekna på kalorier over en lang, lang periode. Når fokuset var å bli normalvektig og frisk, var det kaloritellinga som var det verste å slutte med.
Dette er no åtte år sidan, og heilt sida då har eg hatt en interesse og lidenskap for mat, kosthold og ernæring som er hakket over gjennomsnittet. Eg har også tatt en bachelorgrad i Samfunnsernæring og sitter på mykje kunnskap om det som omhandler næringsinnhold og næringssammensetning. Så – som de sikkert skjønner; det krever det ikkje så veldig mykje av meg å faktisk rekne ut kaloriinnhold i oppskriftene mine, skrive det i blogginnlegget/svare når de spørr og tilfredsstille 30% av dåkke. Men eg kjem ikkje til å gjere det.
Det er så enkelt som at eg ikkje vil ha dette fokuset på min blogg, mine sosiale kanaler, mine bøker. Eg ønsker ikkje å bidra til eit økt kalorifokus for dei fleire tusen eg når ut til daglig. Det kan mistolkast av så mange, både unge og eldre, og den risikoen vil eg ikkje ta. Eg starta denne bloggen for å dele sunn matglede for andre matglade. Eg synes det er så stas å dele lidenskapen min, gi matinspirasjon, tips og råd for en litt sunnare kvardag. Inspirere og motivere til en sunn og aktiv livsstil som gir energi, overskudd og glede. Eg har eit konsept som eg forholder meg til, som eg elsker å dele.
Nokon av dåkke har fulgt meg lenge og leste innlegget mitt «Det evige kalorispørsmålet» for 2 år sida. Det går på det samme, og du kan lese innlegget HER. Som eg skreiv i dette innlegget så hender det en (svært) sjelden gang at eg faktisk skriver kaloriinnhold i ei oppskrift her på bloggen – litt på gøy – eller kanskje litt for å sammenligne med ekte vare. Dette er så sjelden at eg veit ikkje om de har registert det ein gang. Og det er ikkje denne sjeldne gangen innimellom eg refererer til. Det er det evige jaget etter eit tall på alle oppskrifter eg deler på bloggen, spørsmål kvar einaste dag om kor mange kalorier det er i oppskrifta, eit stadig ønske fra mange at eg skal starte med det. Mat er en så innimari stor del av livet. Det er ikkje verdt å la en så stor del av livet vere tall, stress og dårlig samvittighet. Det er vertfall ikkje verdt for min del å bidra til at dette er utfallet hos nokon.

Foto: Jon Marius Nilsson
Av og til kunne eg ønske at de lesara kunne sjå lidenskapen og matgleden min, for det er så vanskelig å formidle det med ord. Sjå for deg at heile meg blomstrer, eg har stjerner i augene og det nesten ser ut som eg er høg på eit eller anna. Eg kan danse, synge og smile på kjøkkenet når eg lager noko nytt, som eg skjønner blir skikkelig bra. Eg kan felle nokon gledestårer av hyggelige tilbakemeldinger fra dåkke. Eg kan få vondt i smilemusklane når eg møter på blogglesere som vil slå av en prat. Alt dette er ingenting anna enn min største lidenskap og skikkelig matglede, som eg setter så umåtelig stor pris på at de har lyst å klikke dåkke inn på kvar einaste dag. Eg har lyst at fleire skal komme dit eg er komt idag. Og på veien har eg ikkje lyst å (i verste fall) ødelegge matgleden for verken meg eller dåkke. Eg vil forbli en bloggar og forfattar med fokus på at det skal vere en OPPTUR MED SUNN MAT♥
Annonse