Annonse
16. august 2018
Eltefrie speltrundstykke
God torsdag!
Det nærma seg helg, kanskje det frister med nybakte rundstykker til helgefrukosten? Det som er så innimari fint med eltefri bakst er at det kun krever 2 minutt av deg kvelden i forvegen til å vege opp tørrvarer og blande med vatn. Ingen elting, ingen knaing…
Deiga hever på kjøkkenbenken over natta, så på morgonkvisten er det berre å forme rundstykker, vente på at ovnen skal varme seg opp – og deretter steike rundstykkene i 15 minutt. Denne oppskrifta på eltefri speltrundstykker krever ingen etterheving, så det går ekstra kjapt å få dei ferdige 🙂
Rundstykkene passer utmerket til kvardagsfrukosten eller matpakken også. Det er jo matpakketid for både store og små no som kvardagen er i gang igjen, speltrundstykker med godt pålegg og litt ekstra grønnsaker må jo vere toppers i matboksen for mange!
Eltefrie speltrundstykker, 12 stk
250 g sikta speltmjøl (eller kveitemjøl)
250 g sammalt speltmjøl (eller kveitemjøl)
50 g sesamfrø*
50 g solsikkekjerner*
1 salt
1 liten ts tørrgjær
5 dl romtemperert vatn
Slik gjer du, dag 1:
1. Veg opp alle dei tørre ingrediensane i en bakebolle. Tilsett vatn og bland saman.
2. Dekk til bakebollen og la heve på kjøkkenbenken over natta (8-12 timer).
Slik gjer du, dag 2:
3. Strø litt mjøl over deiga og vend litt rundt i bakebollen. Hell deretter deiga over på eit bakepapir med mjøl.
4. Del opp deiga i passelige rundstykker. Bruk ei våt spiseskei og bløyt den mellom kvart rundstykke, så ikkje deiga heng fast.
5. Legg eit kjøkkenhandkle over rundstykka og la steikebrettet stå på benken medan ovnen varmar seg opp.
6. Sett ovnen på 225 grader, over-undervarme. Når ovnen er varm – steik midt i ovnen i ca. 15 minutt, eller til rundstykka er gylne på undersida. Avkjøl på rist.
Rundstykka oppbevarer du slik du vanligvis oppbevarer brød/rundstykker. Dei held seg ferske eit par dager, men utover det anbefaler eg å fryse dei ned.
Tips og alternativer*
♦ Du kan sjølvsagt bytte ut sesanfrø og solsikkekjerner med andre typer frø/kjerner av det du har tilgjengelig.
♦ Ønsker du heilt fint rundstykker bruker du kun sikta speltmjøl, medan ønsker du grovare rundstykker bruker du kun sammalt speltmjøl/meir av sammalt speltmjøl.
Luftige og saftige – slik gjærbakst skal vere! Nyt med salt eller søtt pålegg 🙂
No som eg har flytta heim igjen og er ilag med en som er glad i gjærbakst – så blir det meir av dette framover! Eg har aldri vore nokre glad i brød, rundstykker eller gjærbakst sjølv, og slutta å ete dette til det daglige for sikkert 10-12 år sidan. Ja, du hørte riktig… Det er faktisk ikkje alle som er glad i brødskiver eller søte boller, hehe. Eg synes det lukta godt (spesielt nybakte skuleboller!), men eg blir alltid skuffa når eg prøver å smake. Slik er det berre – vi er forskjellige 🙂
God torsdag alle sammen!
No skal eg svinge meg rundt med resten av dagens gjeremål. To-do lista blir stadig lengre….
Annonse
18 Kommentarer
Regine
10. mars 2019

Linda Stuhaug
10. mars 2019
Therese
16. februar 2019

Linda Stuhaug
17. februar 2019
Mona
2. juli 2022

Linda Stuhaug
2. juli 2022
Camilla
21. august 2018

Linda Stuhaug
21. august 2018
Ingrid Sofie Nygaard
19. august 2018

Linda Stuhaug
20. august 2018
Eli
17. august 2018

Linda Stuhaug
17. august 2018
Elin
16. august 2018

Linda Stuhaug
17. august 2018
Elin
21. august 2018

Linda Stuhaug
21. august 2018
Tonje
16. august 2018

Linda Stuhaug
16. august 2018
SKRIV EN KOMMENTAR