Annonse
20. januar 2022
Eltefritt surdeigsbrød av havre & spelt i gryte
- 7 dl lunka vatn
- 100 g bakeklar surdeigsstarter – evt. 1 liten ts tørrgjær
- 2 ts salt
- 50 g solsikkekjerner
- 50 g sesamfrø
- 150 g havregryn
- 150 g sammalt speltmjøl (eller kveitemjøl)
- 450 g sikta speltmjøl (eller kveitemjøl)
- Rør sammen vatn, surdeigsstarter, salt, solsikkekjerner og sesamfrø.
- Tilsett så alt mjølet og vend godt til alt er blanda. Deiga skal vere litt klissete. Dekk til bakebollen og la deiga stå på kjøkkenbenken i 10-14 timer.
- Ha mjøl på kjøkkenbenken og hell ut deiga. Strø over litt ekstra mjøl og vend rundt noken ganger så deiga ikkje er så klissete lengre og holde en rund forn. Ta så deiga over på eit bakepapir med mjøl på. Etterhev i 1-3 timer. Deiga vil flyte litt utover.
- Når det er en halvtime igjen til du skal steike brødet: sett ovnen på 250 grader og ha støpejernsgryta inni ovnen. Ta så ut gryta, lemp deiga oppi og sett på lokk.
- Steik brødet på 250 grader, nederste rille i 30 minutt. Ta av lokket, skru ned temperaturen til 200 grader og steik vidare i ca. 30 minutt til. Bruk gjerne steiketermometer og la brødet få en kjernetemperatur på ca 98 grader.
- Velt brødet ut av gryta og avkjøl på rist. Voila! Ferskt, nydelig surdeigsbrød klart for å nytast♥
Hadde eg visst det var SÅ lettvint å lage eltefritt surdeigsbrød i gryte, så hadde eg gjort det for lenge sida! Her er det berre å røre sammen ingrediensane, la deiga stå på kjøkkenbenken, mette den med litt mjøl og deretter steike 😀
Og resultatet? Saftig, luftig brød med deilig, sprø skorpe heile veien rundt♥ Dette er ein variant med havre & spelt, så har du surdeigsstarter og støypejernsgryte i hus, så kan dette virkelig anbefalst!
PS! Det går an å lage det med gjær også 🙂
PS! Er du nybegynner med surdeig og surdeigsstarter så kan du lese blogginnlegget mitt «Slik mater du surdeigsstarteren din for å gjere den happy, boblende og bakeklar». Der får du detaljert og god informasjonen du trenger om det 🙂
Når du har gjort det eit par ganger så går denne prosessen av seg sjølv! Surdeigsstarteren må møtast 6-10 timer før du skal sette deiga slik at den nettopp rekker å bli bakeklar!
Eltefritt surdeigsbrød av havre & spelt i gryte, 1 brød:
7 dl lunka vatn
100 g bakeklar surdeigsstarter – evt. 1 liten ts tørrgjær
2 ts salt
50 g solsikkekjerner
50 g sesamfrø
150 g havregryn
150 g sammalt speltmjøl (eller kveitemjøl)
450 g sikta speltmjøl (eller kveitemjøl)
+ støpejernsgryte på minst 3 liter
Framgangsmåte:
Rør sammen vatn, surdeigsstarter, salt, solsikkekjerner og sesamfrø.
Tilsett så alt mjølet og vend godt til alt er blanda. Deiga skal vere litt klissete. Dekk til bakebollen og la deiga stå på kjøkkenbenken i 10-14 timer.
Ha mjøl på kjøkkenbenken og hell ut deiga. Strø over litt ekstra mjøl og vend rundt noken ganger så deiga ikkje er så klissete lengre og holde en rund forn. Ta så deiga over på eit bakepapir med mjøl på. Etterhev i 1-3 timer. Deiga vil flyte litt utover.
Når det er en halvtime igjen til du skal steike brødet: sett ovnen på 250 grader og ha støpejernsgryta inni ovnen. Ta så ut gryta, lemp deiga oppi og sett på lokk.
Steik brødet på 250 grader, nederste rille i 30 minutt. Ta av lokket, skru ned temperaturen til 200 grader og steik vidare i ca. 30 minutt til. Bruk gjerne steiketermometer og la brødet få en kjernetemperatur på ca 98 grader.
Velt brødet ut av gryta og avkjøl på rist. Voila! Ferskt, nydelig surdeigsbrød klart for å nytast♥
TIPS! Du finner ulike eltefrie oppskrifter her♥
Eg har også noken fleire oppskrifter med surdeig som du finner her, fleire oppskrifter kjem gjerne om det er interesse for surdeigsbakst 🙂
Håpe brødet er fristande!
Annonse
12 Kommentarer
Liv Darell
6. januar 2023

Linda Stuhaug
8. januar 2023
Ann-Katein
31. mai 2022

Linda Stuhaug
1. juni 2022
Heidi Anita Folland
6. mars 2024

Linda Stuhaug
6. mars 2024
Randi
25. januar 2022
Randi
25. januar 2022

Linda Stuhaug
26. januar 2022
Liv Darell.
6. januar 2023
Linda
15. mars 2024

Linda Stuhaug
17. mars 2024
SKRIV EN KOMMENTAR