Annonse
24. februar 2020
Fargerik, smakfull halloumisalat
Denne halloumisalaten her! NAM!
Ord kan faktisk ikkje beskrive kor utrulig glad eg er i fargerike, smakfulle salater som dette. Og når eg og ei venninne lagde denne halloumisalaten for nokre veker sidan, så lovde eg oppskrift innen kort tid… Mange spurte etter den, så idag blir den servert her på bloggen 🙂
Halloumisalaten passer til både lunsj og middag, men også til tapasbordet, koldtbordet eller som ein luksus kveldsmat. Vi bruke mange digge ingredienser fordi vi hadde det tilgjengelig, men ikkje heng deg opp i at du må ha alt. Salaten er like god om du ikkje har aboslutt alle ingrediensane, eller bytter noko ut med noko anna:
Du trenger, 3-4 personer
1 stk halloumi
50-100 g valgfri salat
1 mango
1/2 agurk
1/2 pk druer
1/2 pk cherrytomater
1 eple
3-4 stilker vårløk
1/4 rødløk
1 boks kidneybønner
Dressing
1 boks kesam eller rømme
2 fedd kvitløk, finhakka eller pressa
1-2 stilker vårløk, grovhakka
safta fra 1/3 lime
salt, pepper, chilikrydder (smak til)
Slik gjer du:
1) Bland sammen dressingen.
2) Kutt alle ingrediensane til salaten i passelige biter.
3) Skjær halloumi i tynne skiver og steik gylne i smør på begge sider.
4) Legg halloumien over salaten til slutt, og server!
Enkelt, eller kva? Og berre utrulig godt!
PS! Halloumi får du på dei aller fleste dagligvarebutikker. Finner du det ikkje i hylla, så kan du alltid spørre kjøpmannen om dei kan ta det inn 🙂 For dei som er nye med halloumi: dette er ein ferskost med ein fast konsistens som steikast under tilberedning. Eit supert vegetariskt alternativ til kjøtt. Det er berre fantastisk godt, og passer til det aller meste!
Annonse
4 Kommentarer
Ingvild
25. februar 2020

Linda Stuhaug
26. februar 2020
Ingvild
6. mars 2020

Linda Stuhaug
6. mars 2020
SKRIV EN KOMMENTAR