Annonse
8. februar 2021
Fylte, grove pitabrød – vegansk style!
Altså! Dette var SÅ godt!
Som eg skreiv for nokon veker sidan, så er fylte pitabrød noko eg skal lage meg oftare. Det er jo så godt, enkelt og ikkje minst med eit hav av muligheter for variasjon 🙂 Idag er det mandag og det betyr som vanlig kjøttfritt her på bloggen, og idag får dåkke rett og slett servert fylte pitabrød vegansk style:
Ser godt ut, ikkje sant? Det var det vertfall! Skikkelig smakfullt, saftig og digg på smak 🙂 Og heile middagen lagde eg på 20-25 minutt!
Eg hadde grove pitabrød som eg fylte med en vegansk bønne- og linsestuing, deilig mangosalat og guacamole. Rett og slett nydelig!
Til bønne- og linsestuinga trenger du (2-3 personer):
♦ 1 kartong kidneybønner (230 g)
♦ 1 kartong linser (175 g)
♦ 1 kartong finhakka tomater (390 g)
♦ 1 løk, grovhakka
♦ 2-3 fedd kvitløk, finhakka
♦ Olje til steiking
♦ godt med krydder, eg brukte ca. 2 ts paprikakrydder, 1 ts spisskumin, 1/2 ts chilikrydder, salt og pepper
→ men her er det viktig at du smaker til!
Steik løk og kvitløk i olje til løken er blank…
Tilsett skylte og avrente bønner og linser + hakka tomater…
La det småputre i 10-15 minutt på middels varme til en fyldig bønne- og linsestuing. Rør innimellom og smak til med krydder.
Resten av ingrediensane justerer du gjerne etter kva du har/liker!
Eg brukte:
→ Grove pitabrød som eg varma i ovnen
→ Lagde salat av 175 g salatmix, 1 spisspaprika og 1 stor mango
→ Lagde en lettvint guacamole av 2 små avokadoer, salt og pepper
Fleire matredderingredienser her altså! Både salaten, avokadoen og mangoen vart redda på 40% dagen før 🙂 #matreddingmedlinda
Du må gjerne piffe opp guacamolen med det du ønsker av kvitløk, lime, chili og krydderier. Sida det vart så mykje smak i bønne- og linsestuinga så valgte eg en lettvint variant 🙂
Så er det berre å fylle opp pitabrøda! Som alternativ til pitabrød kan du sjølvsagt velge tacolefse, tortillalefse, lomper, lage salat m.m. Her er det mange muligheter!
Håper det ser fristande ut!
Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger når de prøver ut oppskriftene mine 🙂 Følg meg og gjerne på facebook-sida mi HER og instagram under @lindastuhaug for mykje meir matglede og glimt av min kvardag!
Annonse
10 Kommentarer
Astrid
6. april 2021
Linda Stuhaug
7. april 2021
Silje
13. mars 2021
Linda Stuhaug
14. mars 2021
Tove
24. februar 2021
Linda Stuhaug
25. februar 2021
Olsen
16. februar 2021
Linda Stuhaug
17. februar 2021
Katrine
5. september 2022
Linda Stuhaug
6. september 2022
SKRIV EN KOMMENTAR