Annonse
22. juni 2020
Halloumisalat med jordbær & quinoa
God mandag!
Åh, idag må eg berre reposte ein av mine favoritt vegetaroppskrifter når det kjem til sommarmat; halloumisalat med jordbær & quinoa♥ No er dei norske jordbæra begynt å komme, og denne salaten her står høgt på lista over oppskrifter eg skal lage så fort dei norske jordbæra er komt i butikken her 🙂
Det er altså ein skikkelig god lunsj- eller middagssalat med halloumi, jordbær og quinoa – næringsrik, mettande og fargerik. Enkel å lage, lite hokuspukos og sjølvsagt med heilt vanlige ingredienser fra dagligvarebutikken 🙂
Halloumisalat med jordbær & quinoa, 2-3 personer
200 g halloumi
2 dl quinoa
1-2 gul paprika (1 stor eller 2 mindre)
100 g valgfri salatmix (eg brukte baby leaf & ruccola)
300 g ferske jordbær
Balsamico
Slik gjer du:
1. Skyll quinoa godt under rennande, varmt vatn. Kok opp 4 dl vatn og la quinoaen småkoke med lokk i 15 minutt. Avkjøl (eg pleier å hurtigavkjøle i frysaren visst eg ikkje koker quinoaen på forhånd og setter i kjøleskapet).
2. Grovhakk paprika, skjær jordbær i fire. Bland sammen med quinoa og salatmiks.
3. Skjær halloumi i tynne skiver på 3-4 mm. Steik i smør eller olje på begge sider til halloumien har fått en brun-gyllen farge. Halloumien kan også grillast.
4. Ha halloumien over quinoasalaten og topp det heile med ein god balsamico (heilt perfekt på denne kombinasjonen, ikkje til å unngå!) Server 🙂
Oppskrifta blei først delt her i fjor♥
Er du ein av dei som lurer på kva halloumi er?
Halloumi er ein type ferskost med veldig høgt smeltepunkt. Derfor kan du steike eller grille halloumi som om det er eit stykke kjøtt. Den har ein fast konsistens, metter godt, er veldig proteinrik og har en rik, spesiell smak. Eg elsker virkelig halloumi og synes det er perfekt i fargerike salater, som grillmat, i burger også vidare 🙂
Halloumi får du kjøpt på dei aller, aller fleste dagligvarebutikker, og du finner den i hylla der du ellers finner ost. Eg har aldri opplevd å ikkje finne halloumi i butikk, spørr om du ikkje finner – eller spørr om dei kan ta inn.
No kan eg nesten ikkje vente til dei norske jordbæra kjem! Eg krysser fingrane for at dei kjem til Sunnfjord iløpet av denne veka♥ Håper fleire har lyst til å prøve seg på denne deilige salaten, for den er virkelig SÅ god!
Annonse
6 Kommentarer
Silje
1. juli 2020

Linda Stuhaug
2. juli 2020
Malene
22. juni 2020

Linda Stuhaug
23. juni 2020
Elin
22. juni 2020

Linda Stuhaug
23. juni 2020
SKRIV EN KOMMENTAR