Annonse
2. mars 2021
Heimelaga, mild tomatsuppe
Hei tirsdag!
Vil du lage en heimelaga, deilig tomatsuppe som garantert faller i smak hos barna? Då har eg oppskrifta til deg! Denne tomatsuppa her er mild på smak, har ein krema konsistens og er skikkelig god. Suppa er kjempeenkel å lage og går relativt fort også, så det er vinn vinn for alle mann!
Eg har brukt kjøpt kyllingkraft denne gangen, men lag gjerne heimelaga kraft. Du kan også bruke fond/buljong – men kraft er virkelig myyyykje bedre, så eg anbefaler å lage eller kjøpe det ferdig. Dei fleste butikker har ein eller anna variant i hyllene sine 🙂
Visst du vil ha vegetarsuppe bruker du berre grønnsakskraft/fond/buljong!
Psst! Litt paprika, tomat, blomkål, brokkoli eller andre grønnsaker i grønnsaksskuffa heime? Tilsett gjerne dei og. Alt skal mosast sammen til slutt, og litt ekstra grønt utgjer ikkje særlig forskjell i smak 🙂
Du trenger, ca. 4 personer:
1 løk + 2 fedd kvitløk
4 mellomstore gulerøtter
ca. 800 g hakka tomater
2-3 ss tomatpure
1 kartong, 3 dl matfløyte eller kremfløyte
500 g kyllingkraft, evt. buljong/fond
salt og pepper
smør til steiking
Og slik gjer du…↓
Grovhakk løken, finhakk kvitløken og steik dette i smør til løken er blank…
Tilsett så grovhakka gulrot, hakka tomater og kraft. Kok opp og la det småkoke under lokk til gulrøttene er godt møre. Jo mindre biter gulrot, jo kortare koketid.
Tilsett tomatpure og matfløyte, og kjør suppa heilt glatt med stavmiksar. For å få en heilt silkemjuk konsistens: kjør suppa ganske lenge med stavmiksaren!
Smak til med salt og pepper, og juster eventuelt konsistensen med vatn om du vil ha ein tynnare konsistens 🙂
Så er det berre å servere med den toppingen du ønsker♥ Her blei det rett og slett fullkornsmakaroni, men det er mykje godt som passer som topping på tomatsuppe. Kokt egg er en klassiker, samme med stekte pølsebiter eller lignande.
Tips: rester igjen? Smaker like godt dagen etterpå, men suppa kan og fint frysast 🙂
Velbekomme! Håper suppa faller i smak hos både små og store 🙂
Annonse
18 Kommentarer
Eirin
3. mars 2021
Linda Stuhaug
4. mars 2021
Mia
2. mars 2021
Linda Stuhaug
3. mars 2021
Eirin
10. februar 2022
Linda Stuhaug
11. februar 2022
Line
30. november 2023
Linda Stuhaug
3. desember 2023
4. april 2022
Linda Stuhaug
5. april 2022
Reidun Sofie
30. juli 2024
Linda Stuhaug
1. august 2024
Ingunn
26. mars 2022
Linda Stuhaug
27. mars 2022
Reidun Sofie
29. juli 2024
Linda Stuhaug
30. juli 2024
Reidun Sofie
30. juli 2024
Linda Stuhaug
1. august 2024
SKRIV EN KOMMENTAR