Annonse
21. august 2018
Heimelaga, nydelig blomkålsuppe
Heimelaga blomålsuppe er berre så godt♥
Denne blomkålsuppa er krema og skikkelig smakfull. Suppa er ferdig på under en halvtime, noko som er ganske greit i en hektisk kvardag 🙂 I tillegg er suppa naturlig glutenfri og kan lagast melkefri for dei som må ha det. Heilt komplett er suppa med stekte chorizopølser som garnityr (eg synes det er mykje bedre enn både bacon og spekeskinke, meir smak og meir å tygge på), men dette kan du sjølvsagt variere etter smak og behag. Prøv heimelaga blomkålsuppe du også:
Blomkålsuppe, 3-4 personer
♦ 1 stor blomkål, i buketter
♦ 1 liten løk, grovhakka
♦ 1 fedd kvitløk, hakka
♦ 1 stor potet, skrelt og delt i seks
♦ 8 dl kyllingkraft, evt. kyllingbuljong eller kyllingfond*
♦ 150 g (1/2 beger) creme fraiche eller seterrømme*
♦ salt og pepper
♦ smør eller olje til steiking
Tilbehør*
♦ 1 blomkål, i små buketter
♦ ca. 250 g chorizopølse
♦ 4 stilker vårløk
♦ smør eller olje til steiking
Slik gjer du:
Start med suppa. Steik løk og kvitløk i smør eller olje til løken er blank. Ha over i en kjele og tilsett blomkål, potet og kyllingkraft. La det småkoke i bitane er møre, ca. 15 minutt (i mellomtida lager du klart tilbehøret).
Kjør suppa jevn med ein stavmiksar eller lignande. Tilsett creme fraiche/seterrømme og smak til med salt og pepper. Juster evt. med litt væske om nødvendig, og la suppa få eit oppkok rett før servering
Medan blomkålsuppa koker lager du klart tilbehøret. Kok små blomkålbuketter nokre få minutt – dei skal ha litt tyggemotstand. Del chorizopølse i terninger, grovhakk vårløken og steik i smør eller olje til pølsebitane har fått litt farge.
Server blomkålsuppa med masse deilig, ekstra blomkål, chorizopølse og gjerne eit godt brød på sida♥
Tips og alternativer*
– Hugs at det er stor forskjell på smak om du bruker kyllingkraft, kyllingbuljong eller kyllingfond. Eg anbefaler virkelig kyllingkraft, men både kyllingbuljong og kyllingfond er OK alternativer. Ulike merker har ulik styrke, så prøv deg litt fram. Krafta eller buljongvatnet må ha litt futt i smaken, ellers blir suppa fort tam.
Tips; på Rema 1000 får du tar i Stange kyllingkraft, både fersk og fryst, som er perfekt om ein ikkje får kokt sjølv.
– Visst du vil ha melkefri suppe kan du bytte ut creme fraiche/seterrømme med fyldig kokosmelk eller kokoskrem. Kokoskrem er den stive delen som skiller seg når en boks kokosmelk står kaldt.
– Tilbehøret kan du også sjølvsagt variere etter smak og behag. Chorizopølse kan blant anna byttast med sprøstekt bacon eller spekeskinke.
Som suppebrød hadde vi gårsdagens oppskrift på det ultimate suppebrød;
Grove, saftige scones med ost og urter. Oppskrifta finner du HER!
Suppa står seg fint nokre dager i kjøleskapet, så lag gjerne middag for fleire dager. Ellers kan suppa også fint frysast til ein superkjapp middag seinare. Då anbefaler eg å tine suppa langsomt i kjøleskapet over natta, og varme den opp igjen i en kjele.
Heimelaga blomkålsuppe er virkelig ein av dei beste suppene eg veit om, og eg kjem til å lage dennne suppa jevnlig utover høsten♥ Det er berre synd magen tåler så dårlig blomkål, he-he… Magen står på spreng og eg holder helst fosterstilling resten av kvelden. Fleire med IBS/irritabel tarm/sensitiv mange som reagerer ganske kraftig på denne fantastisk gode grønnsaken? I tillegg er jo det godt besøk av løken som magen heller ikkje liker så godt…
Eg skulle gjerne vore ein av dei som tåler alt med en mage og tarm i balanse, men det er jo noko man lærer å kontrollere og leve med til en viss grad… Og det finnes jammen verre ting å vere utsatt for enn en irritabel tarm, sjølv om eg gjerne skulle vore foruten 😉
Annonse
12 Kommentarer
Elisabeth
5. februar 2019

Linda Stuhaug
6. februar 2019
Sofie
10. februar 2022

Linda Stuhaug
10. februar 2022
Ingvild
2. februar 2020

Linda Stuhaug
2. februar 2020
Silje
26. september 2018

Linda Stuhaug
27. september 2018
Maren pedersen
22. august 2018

Linda Stuhaug
22. august 2018
Runa
16. februar 2022

Linda Stuhaug
16. februar 2022
SKRIV EN KOMMENTAR