Linda Stuhaug

Annonse

13. mars 2018

Krema laks- og pastagrateng

Krema laks- og pastagrateng
God tirsdag!
Som nevnt er eg tilbake i Oslo etter 8 veker praksis heime, og sitter no midt i 1-vekers heimeeksamen. Min aller, aller siste eksamen på studiet mitt, så gjenstår bacheloroppgava før eg til sommaren er ferdig utdanna og har en Bachelorgrad i Samfunnsernæring. Tenk at det snart er 3 år sida eg flytta til Oslo og starta på studiane, tida har virkelig flydd, men eg er så klar for å bli ferdig… Studiane har vore mine førsteprioritet desse åra, blogg og jobb har alltid komt i andre rekke. Så no gleda eg meg til å flytte heim igjen, starte fullt med det eg virkelig brenner for, og ikkje minst sette bloggen og mine prosjekter i første rekke. Eg gleda meg sånn til å ta dåkke med vidare på veien!!
MEN… Det var jo ikkje det innlegget skulle handle om! Det er denne digge laksemiddagen:
En superenkel, krema laks- og pastagrateng! Med masse grønnsaker også sjølvsagt, og ost på toppen. Midt i blinken for heile familien 🙂 Her kan ein justere ingrediensane litt etter kva ein har tilgjengelig, hugs å lese tips og alternativ under oppskrifta:
Laks- og pastagrateng, 3-4 personer 500 g laksefilet 150-200 g valgfri pasta (eg brukte fullkornspasta) ½ – 1 brokkoli 3 gulerøtter ½ purreløk – 1 boks, 300 g creme fraiche 1 boks, 125 g kremgo urter 1 dl melk salt og pepper – revet ost
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Kok pasta etter anvisning på pakken.
2. Kutt opp brokkoli i små buketter, gulerøtter i tynne/små skiver og hakk purreløken. Skjær opp laksefilet i mindre terningar.
3. Bland saman creme fraiche, kremgo og melk. Smak til med salt og pepper.
4. Bland den ferdigkokte pastaen og grønnsakene i en ildfast form. Hell over creme fraiche-blandinga og vend litt rundt.
5. Topp med laksebitane (gjerne med litt pepper/anna krydder over) og til slutt revet ost. Steik midt i ovnen til osten er godt smelta og gyllen, ca. 15-20 minutt.
Server med frisk salat og gjerne en klatt kesam/rømme 🙂
Tips og alternativ* – Laks kan sjølvsagt byttast med ørretfilet, eller du kan prøve deg fram med andre fisketyper. – Du kan bruke den pastaen du foretrekker, bønne/linse/kikertpasta er og eit supert alternativ, og fleire av desse typane er også glutenfri. – Bruk dei grønnsakene du liker og har tilgjengelig. – Kremgo urter kan byttast med kremgo i ein anna smak, for eksempel kvitløk. Kremgo gir en veldig god smak og fylde i sausen, men du kan bytte det mot ekstra creme fraiche.
Og du? Visst du koker pastaen kvelden i forveien, så kan middagen vere klar på ca. 30 minutt når du kjem heim fra jobb. Då gjer du formen klar medan ovnen varmer seg opp 🙂 Vil du ha enda mindre å gjere etter jobb så kan heile formen klargjerast kvelden før, og oppbevarast i kjøleskapet. Då kan du godt vente med laksen og osten til rett før steikinga. Ta formen ut av kjøleskapet, rør lett rundt, topp med laks og ost, og sett den rett i ovnen. En perfekt middag du kan klargjere med andre ord!
Velbekomme og god middag – håper den faller i smak hos både store og små!

God tirsdag!

Som nevnt er eg tilbake i Oslo etter 8 veker praksis heime, og sitter no midt i 1-vekers heimeeksamen. Min aller, aller siste eksamen på studiet mitt, så gjenstår bacheloroppgava før eg til sommaren er ferdig utdanna og har en Bachelorgrad i Samfunnsernæring. Tenk at det snart er 3 år sida eg flytta til Oslo og starta på studiane, tida har virkelig flydd, men eg er så klar for å bli ferdig… Studiane har vore mine førsteprioritet desse åra, blogg og jobb har alltid komt i andre rekke. Så no gleda eg meg til å flytte heim igjen, starte fullt med det eg virkelig brenner for, og ikkje minst sette bloggen og mine prosjekter i første rekke. Eg gleda meg sånn til å ta dåkke med vidare på veien!!

MEN… Det var jo ikkje det innlegget skulle handle om! Det er denne digge laksemiddagen:

Sanity Image

En superenkel, krema laks- og pastagrateng! Med masse grønnsaker også sjølvsagt, og ost på toppen. Midt i blinken for heile familien 🙂 Her kan ein justere ingrediensane litt etter kva ein har tilgjengelig, hugs å lese tips og alternativ under oppskrifta:

Sanity Image

Laks- og pastagrateng, 3-4 personer
500 g laksefilet
150-200 g valgfri pasta (eg brukte fullkornspasta)
½ – 1 brokkoli
3 gulerøtter
½ purreløk

1 boks, 300 g creme fraiche
1 boks, 125 g kremgo urter
1 dl melk
salt og pepper

revet ost

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Kok pasta etter anvisning på pakken.

2. Kutt opp brokkoli i små buketter, gulerøtter i tynne/små skiver og hakk purreløken. Skjær opp laksefilet i mindre terningar.

3. Bland saman creme fraiche, kremgo og melk. Smak til med salt og pepper.

4. Bland den ferdigkokte pastaen og grønnsakene i en ildfast form. Hell over creme fraiche-blandinga og vend litt rundt.

5. Topp med laksebitane (gjerne med litt pepper/anna krydder over) og til slutt revet ost. Steik midt i ovnen til osten er godt smelta og gyllen, ca. 15-20 minutt.

Server med frisk salat og gjerne en klatt kesam/rømme 🙂

Sanity Image

Tips og alternativ*
– Laks kan sjølvsagt byttast med ørretfilet, eller du kan prøve deg fram med andre fisketyper.
– Du kan bruke den pastaen du foretrekker, bønne/linse/kikertpasta er og eit supert alternativ, og fleire av desse typane er også glutenfri.
– Bruk dei grønnsakene du liker og har tilgjengelig.
– Kremgo urter kan byttast med kremgo i ein anna smak, for eksempel kvitløk. Kremgo gir en veldig god smak og fylde i sausen, men du kan bytte det mot ekstra creme fraiche.