Annonse
29. oktober 2024
Kvitløksskiver med parmesan
Har du ofte tørt brød til overs? Eller berre har lyst å lage noko digg som tilbehør til høstsuppa? Prøv kvitløksskiver med parmesan! Det er skikkelig godt, og er heilt supert som tilbehør til nettopp supper, men også salater eller lignande.
Til 6 brødskiver:
• 6 brødskiver, gjerne tørrre
• 2 ss romtemperert smør
• 1-2 fedd kvitløk, pressa (alt etter kor mykje kvitløkssmak du liker)
• eit par klyper maldonsalt
• raspa parmesan (evt anna ost)
• evt ferske urter om du liker/har tilgjengelig, eg brukte rosmarin
Slik gjer du:
Bland sammen smør, kvitløk og salt. Smør eit godt lag utover brødskivene.
Topp med eit lag raspa parmesan og eventuelt ferske urter om du har.
Steik på 175 grader varmluft i 5-10 minutter, til parmesanen har smelta og skivene er gylne. Server varme.
Skikkelig godt, prøv dette du og!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR