Annonse
28. januar 2020
Lapskaus med pølse
God tirsdag!
Lapskaus er og har alltid vore ein favoritt her i hus. Det er jo så utrulig lettvint, utrulig godt og ikkje minst ein utrulig fin måte å bruke opp diverse rester på! Eg bruker grunnoppskrifta som står under, men putter gjerne oppi rester av kokte poteter/kokte grønnsaker/stekt kjøtt alt etter kva vi har tilgjengelig. Har du diverse slike rester – putt også dette i din lapskaus, dersom du lager dette til middag ein dag 🙂
I denne lapskausen har eg brukt pølser. Det er første gang eg lager ein rein pølselapskaus, det funka veldig bra, og er kanskje ein ekstra barnevennlig variant for de som har barn i hus:
Du trenger, ca. 4-6 personer
1200 g lapskausblanding*
1 purreløk, grovhakka
3-4 gulerøtter, i terninger
300 g kålrot, i terninger
1 liter kjøttkraft, evt. buljong/fond
650 g valgfri pølser*
valgfritt krydder
Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane utenom pølser & krydder i ein kjele. Kok opp og la lapskausen småkoke under lokk i ca. 60 minutt, til den konsistensen du ønsker. Spe på med meir væske underveis om nødvendig. Hugs å røre med jevne mellomrom!
Tilsett pølsebiter heilt til slutt. Smak til med krydder. Eg brukte urtesalt og pepper, men her kan du bruke akkurat det du liker for å gi lapskausen en god smak. Server!
Eg synes lapskausen er best når den er skikkelig fyldig og grautette, og lar den gjerne koke 90 minutt. Her justerer du koketida etter kva du liker best 🙂
Tips og alternativer*
→ Lapskausblanding kan byttast med en blanding av poteter, gulrot, sellerirot og purreløk i grove terninger. Eg foretrekker fryst lapskausblanding fordi det er svært så lettvint og tidsbesparande. Lapskausblanding inneholder ingenting anna enn dei overnevnte ingrediensane, og er ikkje noko mindre sunt alternativ sjølv om det har vore fryst.
→ Av pølser anbefaler eg en variant med høgast mulig kjøttinnhold. Eg pleier å bruke lokale Ringdalspølser med nesten 90% kjøtt. MEN pølser kan sjølvsagt byttast med anna type kjøtt også. Det aller meste passer å bruke i ein lapskaus, gjerne diverse kjøttrester etter middagen om du har det. Eg varierer alt etter kva eg har tilgjengelig.
Lapskaus minst like godt – om ikkje bedre – dagen etterpå. Eg lager alltid ein veldig stor porsjon, så har vi middag til to dager, og fryser gjerne ned resten 🙂 For lapskaus er også ein middag som er ypperlig å fryse og varme opp igjen som ein kjapp middag på 1-2-3 ved ein seinare (hektisk) anledning!
Velbekomme og god middag 🙂
Annonse
10 Kommentarer
marianne
24. august 2020

Linda Stuhaug
24. august 2020
Silje
1. februar 2021

Linda Stuhaug
2. februar 2021
Leny Nazareno
18. mai 2020

Linda Stuhaug
19. mai 2020
Tonje Gulbrandsen
29. oktober 2020

Linda Stuhaug
30. oktober 2020
Tina
5. september 2023

Linda Stuhaug
5. september 2023
SKRIV EN KOMMENTAR