Annonse
6. januar 2020
Quesedilla med trippel ost
Egenreklame
Hei alle sammen!
Idag får dokke faktisk servert ein av rettane av mi splitter nye kokebok:
Opptur med sunne middagar♥
Boka mi hadde en offentlig lansering 2.januar og er no å finne i butikk – hurra 😀 Nokon av dokke forhåndsbestilte boka og fekk den før jul, men det er først no at boka mi er offentlig lansert, og det er sjølvsagt veldig stas♥ Boka mi kan du bestille HER (du får maks rabatt og fri frakt!), ellers så finner du den kanskje i nærmaste bokhandler. Visst den ikkje er i hylla hos bokhandleren er det berre å spørre etter den, for ALLE kan ta den inn 🙂
Men, over til dagens oppskrift! Boka mi inneholder 80 middagsoppskrifter, og ca. 45 av oppskriftene er heilt nye. Det betyr at 45 oppskrifter ikkje ligger på bloggen, og kjem heller ikkje til å bli delt på bloggen – med nokre få unntak.
Dagens oppskrift blir eit av unntaka, nemlig QUESEDILLA MED TRIPPEL OST:
En latterlig enkel, og samtidig utrulig digg vegetarmiddag som du lager på maks 15 minutt. Servert med ein fargerik og smakfull salat, så er dette virkelig en toppers vegetarmiddag som passer perfekt til kvardags:
Du trenger, 2 porsjonar
6 lomper (evt. 4 grove tortillalefser)
6 ts kremost
4–5 stilkar vårløk, grovhakka
6 ss fetaost, i terningar
raspa ost
valfritt krydder
Slik gjer du:
Smør halvdelen av lompene med kremost. Ha over vårløk, fetaost (smuldre gjerne terningane lett) og til slutt litt raspa ost. Dryss over valfritt krydder. Her passar det aller meste, eg har brukt grovkverna chili og tørka oregano.
Klapp over den andre halvdelen av lompa. Steik quesadillaen gylne og sprø i ei tørr steikepanne på middels varme. Server straks med ein frisk salat!
Enkelt, eller kva? Eg har også laga desse med litt ekstra bønner som fyll, og det er og veldig godt! Det er virkeilig noko magisk med kombinasjonen av alle tre ostane♥
Så, lurer du på om Opptur med sunne middagar er ei bok for deg?
«Kva skal vi ha til middag?» er eit spørsmål som blir stilt dagleg i tusenvis av norske heimar, og denne boka skal gi deg svaret på det! Du får over 80 oppskrifter med fokus på kvardagsmiddagar, som betyr at middagane er raske, enkle og overkommelige å lage for alle.
Dette er rett og slett boka for deg som slit med tidsklemma, for deg som syns middagsmat er ei utfordring, og for deg som treng inspirasjon til å løfte middagen til nye høgder på ein enkel måte♥
I tillegg til 80 oppskrifter så får du fleie ulike tekster der eg deler mine beste tips og triks for å lukkast med middagsmaten, korleis du kan gjere smarte innkjøp, redusere matbudsjettet og minske matsvinnet. Eg deler mine basisvarer, kjøkkenredskap og avslutter med 10 ulike vekemenyer med tilhøyrande handlelister. Over halvparten av oppskriftene i boka er heilt nye, og har aldri blitt delt på bloggen tidligare!
Har du spørsmål, nøl ikkje med å ta kontakt i kommentarfeltet 🙂 Så håper eg at quesedillaen frister og at du får en knakande bra start på den nye veka!
Annonse
13 Kommentarer
Hege
12. januar 2020

Linda Stuhaug
12. januar 2020
Nina
12. januar 2020

Linda Stuhaug
12. januar 2020
Iren
9. januar 2020

Linda Stuhaug
9. januar 2020
Iren
6. januar 2020
Nina
7. januar 2020

Linda Stuhaug
7. januar 2020
Gro Aina
6. januar 2020

Linda Stuhaug
6. januar 2020
Anne
14. mars 2023

Linda Stuhaug
14. mars 2023
SKRIV EN KOMMENTAR