

Hei folkens! Påska nærma seg, og det kan hende mange av dåkke allerede har ferie. Polarbrød er klassisk turmat for mange, både barn og voksne - og då håper eg kanskje at eg kan friste med å lage en halvgrov og heimelaga variant. Desse er superenkle, og er ferdige på maks 20 minutter! Ikkje klassisk gjærdeig med andre ord, men bakepulverdeig😊 Eg har en nesten lik oppskrift fra før, men har gjort nokon små justeringer som gjer dei hakket bedre!

Dette trenger du til 10 stk
1. Rør sammen dei tørre ingrediensane, deretter vender du inn melk og smør. Bland til en jevn og småklissete deig.
2. Ha deiga over på kjøkkenbenken. Bruk litt mjøl til å forme deiga til ei tjukk pølse, og del opp i 10 emner.
3. Form til flate polarbrød mellom hendene og ved å trykke dei ut på eit steikebrett med bakepapir. Prikk dei med en gaffel eller lignande.
4. Steik på 200 grader, over-undervarme, i ca 6-8 minutt. Polarbrøda skal bli lett gylne. Det er viktig at du ikkje steiker dei for lenge, for då blir dei tørre.
5. Avkjøl på rist.

Ta med på tur, i matpakken eller nyt til frukosten! Passer med salt og søtt pålegg, og kan fint frysast♥︎

Noko å teste til påske kanskje?😊
Ingen kommentarer enda. Vær den første til å dele dine tanker.