LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Oppdatert for 7 måneder siden|Sunnare søtsaker

Heimelaga sjokkis med karamelliserte pistasjenøtter

12 stk
Lett
Heimelaga sjokkis med karamelliserte pistasjenøtter

Altså! Den sjokoladen her blei SÅ god♥ Mørk, deilig sjokolade med sprø, karamelliserte pistasjenøtter. Sukkerfri, næringsrik, full av smak og crunch. Trenger eg å sei meir…? Eg har ein god del oppskrifter på heimelaga sjokolade her på bloggen, så for nokon av dåkke er nok dette kjent. Men for å lage heimelaga sjokolade trenger du rått kakaosmør og kakaomasse. Dette kan du kjøpe separat, eller i ei pakke der mengdefordelinga er slik den skal vere 🙂 Dette får du kjøpt på helsekostbutikker eller diverse nettbutikker. Eg pleier å kjøpe merket Økosjokolade, og her er eit bilde fra arkivet av ein tidligare pakke eg har kjøpt, som inneholder begge deler: Og kvifor heimelaga sjokolade? Heimelaga sjokolade har ein heilt unik smak som ingen andre sjokolader på butikken kan måle seg med. I tillegg styrer du heile sjølv kor søt du ønsker sjokoladen, kva søtning du vil bruke, og kva ekstra smakstilsetning du vil ha. Ingrediensane smeltast skånsomt for å bevare den gode næringa. Kakao har eit høgt innhold av antioksidanter, magnesium og jern, og når man velger ubehandla, rå kakaoprodukter er ein sikker på at ingen verdifulle antioksidanter og mineraler har forsvunne i behandlingen. Heimelaga, rå sjokkis har en høg kakaoprosent og er en skikkelig næringsbombe, det har til og med blitt sagt at eit par biter daglig kan regnes som 1 av 5 om dagen. Og ein ting er sikkert: du må like at sjokoladen er litt mørk for å like denne heimelaga varianten 🙂 Så, over til dagens oppskrift! Eg har ei grunnoppskrift på sjokoladen som eg smakstilsetter og varierer litt, så du får grunnoppskrifta og mi smakstilsetning, så kan du evt. mikse og trikse med smakstilsetninger du vil ha 🙂