LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Oppdatert for 7 måneder siden|Middag

Knallgode, enkle vårruller

20 stk
Lett
Knallgode, enkle vårruller

No er det på høg tid at eg deler oppskrift på desse vårrrullane! Eg hugser fortsatt dagen eg og mamsen stod på kjøkkenet å lagde desse vårrullane, for det var nemlig 12. mars når Norges land vart stengt ned på bakgrunn av koronavirus-pandemien. Eg stod midt i foto av desse vårrullane når nyhetene på tv-en rulla og vi fekk beskjeden som skulle snu opp-ned på kvardagen den neste tida. Det er over 3 måneder sidan no, tida flyr – og vårrullane er no klare for bloggen 🙂 Heimelaga vårruller er utrulig enkelt, og det smaker skikkelig godt. Eg har brukt en fast oppskrift i årevis og tok også utgangspunkt i den når vi lagde desse. Fantastisk gode! Det eg virkelig må anbefale når ein først er i gang med å lage vårruller, er å lage en stooor porsjon. Vi lagde faktisk 5 (!) kilo fyll til desse vårrullane. Fyllet kan nemlig frysast ned, eller så kan du lage heilt klare vårruller som du legger i ein boks i frysaren. Då er det berre å tine og steike – så er vårrullane klare til middag 🙂 Lettvint å ha i frysaren for hektiske dager! Det vil sei at oppskrifta nedafor blei mangedobla, men dette justerer du etter kor mykje du sjølv vil lage: