
Tre ingredienser og du kan lage mjuke, gode og næringsrike søtpotetkjeks som passer perfekt til små hender! Perfekt å fryse, og passer fra 6 mnd så lenge ein oppfyller kriterier til å ete sjølv, men passer såklart likt godt til eldre barn også!
Dette trenger du til 20 stk

PS! 200 g kokt eller dampa søtpotet tilsvarer ca 250 g ukokt.
1. Mos kokt søtpotet med stavmiksar.
2. Rør inn smelta smør og deretter mjøl. Start å røre med sleiv eller slikkepott, kna så med hendene når deigen blir tjukkare. Tilsett litt meir mjøl om nødvendig for å mette deigen.
3. Ha rikeleg med mjøl på kjøkkenbenken, og kjevle deigen ca. ½ cm tjukk.
4. Rut opp kjeks i passe storleik og legg på eit steikebrett med bakepapir.
5. Steik på 175 grader, over- og undervarme, i ca. 10 minutt, til dei er lett gylne og faste.
6. Avkjøl på rist og server som dei er, eller du kan smøre over litt smør eller anna pålegg. Server gjerne litt tilbehør i form av frukt, bær eller grønsaker!
7. Oppbevar kjeksа i ein boks eller brødpose i romtemperatur. Kan stå i 2 dagar, men kan også frysast.

♥︎ Kunnskapen og oppskriftene du treng det første året! Rett og slett bibelen for deg som skal starte med fast føde til babyen din, med alt du trenger å vite, i tillegg til en haug av næringsrike og enkle oppskrifter🌸