Søte havrescones med bær & valnøtter – perfekte turscones!

Heisann! Det er fredag, det er helg og kanskje du har lyst til å lage noke ekstra godt til frukost, lunsj eller turmat desse dagane? Idag kjem det nemlig ein ny vri på mine søte havrescones som eg har delt i fleire varianter tidligare. Desse sconesa er berre fantastisk gode: søte, saftige og like gode både med og uten pålegg! I denne varianten har eg brukt bringebær og valnøtter som smakstilsetning, men du kan sjølvsagt bruke akkurat det du ønsker. I arkivet har eg ulike varianter; nøytral,med brunostbiter,med sjokoladebiter og med kun bær. Ved å bake inn pålegget treng du ikkje ekstra pålegg, men, du kan såklart dele dei på tvers og ha pålegg på visst du vil det også 🙂