LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Oppdatert for 7 måneder siden|Frokost og lunsj

Sunne, saftige havrepannekaker med blåbær

2 porsjoner
Lett
Sunne, saftige havrepannekaker med blåbær

God morgen! Kan eg friste med nokon skikkelig saftige, gode havrepannekaker med blåbær? Raske og enkle å lage, grove, næringsrike og mettande pannekaker som du kan nyte til frukosten, lunsjen, ta med i matpakken eller som turmat. Er også supergode til kveldskosen, eller dei kan delast på fleire og nytast til ettermiddagskaffien♥ Grunnoppskrifta på desse pannekakene er med kesam + søtning, og er relativt nøytrale i smak. Her kan du sjølv velge kva søtning du vil bruke. Du kan og bytte ut kesam + søtning med moden banan, og få bananpannekaker. Det er eit alternativ for dei som vil unngå tilsatt sukker og naturlig søtning i form av f. eks sukrin+. Moden banan gir både sødme og saftighet i pannekakene, i tillegg er det eit av fleire alternativ for å få dei melkefri 🙂