LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Oppdatert for 7 måneder siden|Frokost og lunsj

Verdens beste mandelsmør!

1 stk
Lett
Verdens beste mandelsmør!

Heimelaga mandelsmør er utvilsomt mitt favoritt nøttesmør♥ Peanøttsmør, cashewnøttsmør, hasselnøttsmør, heimelaga sjokoladepålegg og andre typer nøttesmør er gode dei også, men det er rett og slett ingenting som slår heimelaga mandelsmør altså! (Dette innlegget blei først posta i februar 2021, og er reposta idag med litt endringer) Mandelsmør er noko eg og har (nesten) heile tida i kjøkkenskapet. Det er mitt absolutte favoritt nøttesmør, og eg har delt oppskrift fleire ganger før i både 2015 og 2018, men skikkelig gode oppskrifter kan ikkje delast nok 😉 Mandelsmør (og alle andre typer nøttesmør) er superenkelt å lage og du trenger ikkje mange ingrediensane, men det krever at du har en foodprosessor eller god blender. Kor god foodprosessor/blender du har avgjer kor lang tid det tar å lage mandelsmøret, og ikkje minst kor «smooth» det blir. Her har ikkje berre motor betydning, men også kor skarpe knivane er 🙂 Med andre ord, å lage mandelsmøret kan ta 3 minutt og det kan ta 30 minutt! Eg bruker Vitamix 2300 i og det tar berre noken få minutter å lage!