Annonse
16. juni 2022
Rista nøtter = eit tips som gjer det ekstra crunchy, smakfulle og gode!
Har du smakt forskjellen på rista og urista naturelle nøtter før? Den kontrasten er faktisk veldig stor!
Kvar gang eg kjøper usalta/naturelle nøtter - enten det er mandler, valnøtter, casewnøtter eller pekannøtter (som er dei nøttene eg kjøper mest), så rister eg dei i ovnen før eg setter dei inn i skapet. Ikkje berre blir nøttene ekstra crunchy, dei blir og mykje meir smakfulle, og ikkje minst så utrulig mykje bedre på smak😍
Igår var eg på en real handlerunde for å fylle opp i nøttelagra mine, og då knipsa eg eit bilde for å dele dette tipset med dåkke. Å riste nøtter tar ikkje lang tid, og det er vanvittig enkelt:
1. Fordel usalta/naturelle nøtter på eit steikebrett med bakepapir
2. Steik på 200 grader, over-undervarme i 8-12 minutt. Steiketida varierer fra ulike typer nøtter, men dei skal bli gylne og lukte godt
3. Avkjøl og ha over på glass
Rista nøtter bruker eg på akkurat samme måte som eg ellers bruker nøttene. Som topping på yoghurtblandinger, til å lage energibarer, snacks, i bakst og lignende, i heimelaga granola og knekkebrød m.m!
Når nøttene står ferdigrista i skaper er det og fort gjort å slenge sammen en oppskrift på heimelaga nøttesmør. Då slippe ein å riste nøttene + avkjøle dei før ein setter i gang!
Mandelsmør er min all time favoritt nøttesmør, og oppskrifta finner du her♥︎
Eg passer dog på at eg ikkje bruker ferdigrista nøtter på f.eks topping på oppskrifter som skal steikast, slik som desse seige, gode nøttekjeksa her. Då er det en fordel å bruke urista nøtter så valnøtten på toppen ikkje blir brent om den fra før er rista/stekt :)
Uansett, eit enkelt triks eg virkelig anbefaler! Prøv sjølv🤩
Annonse
6 Kommentarer
Marianne
4. oktober 2022
Linda Stuhaug
5. oktober 2022
Astrid Jürgensen
16. juni 2022
Linda Stuhaug
17. juni 2022
Marianne
14. oktober 2022
Linda Stuhaug
14. oktober 2022
SKRIV EN KOMMENTAR