Annonse
22. november 2022
Saftige, nydelige bananvafler
God tirsdag!
Idag har eg lyst å dele ein av oppskriftene i mi nyaste kokebok "Sunnare søtsaker" med dåkke - nemlig bananvafler! Banavafler har eg i arkivet fra før og, men desse er skikkelig gode og kan varmt anbefalast. I tillegg er det en super måte å bruke overmodne bananer på, og du trenger ingen ekstra søtning utenom :)
Ingredienser
• 3 store eller 4 små overmodne bananar
• 4 egg
• 100 g havremjøl
• 100 g sikta speltmjøl, kveitemjøl eller glutenfritt mjøl
• 1 ts bakepulver
• 1⁄2 ts kanel
• 1⁄2 ts kardemomme
• 1–2 dl melk eller vatn
Slik gjer du:
1. Mos banan og egg klumpfrie med stavmiksar. Rør inn resten av ingrediensane til ei klumpfri røre. La røra svelle i cirka 10 minutt. Juster eventuelt med meir væske om nødvendig.
2. Steik gylne vaflar i vaffeljernet. Server dei varme, lune eller kalde, gode er dei uansett!
Vaflane kan du nyte med akkurat det pålegget du liker best! Her har eg brukt bær og heimelaga, nydelig sjokoladepålegg - oppskrift finner du her♥︎
Prøv desse du også!
Annonse
5 Kommentarer
Ida Sofie
24. juni 2025

Linda Stuhaug
26. juni 2025
Ida Sofie
26. juni 2025
Line
21. februar 2025

Linda Stuhaug
22. februar 2025
SKRIV EN KOMMENTAR