Annonse
21. desember 2020
Seige, saftige nøttekjeks med cashewnøtter & valnøtter
Eg berre elska desse nøttekjeksa her! Dåkke som har fulgt med ei stund kjenner til desse kjeksa som eg har laga i fleire ulike varianter. Kjeksa er søte, seige og skikkelig saftige, og passer like godt til jul som ellers i året.
Som en av årets julekaker har eg laga desse kjeksa i en ny vri: med salte cashewnøtter, valnøtter og biter av dadler. Fantastisk gode♥
Du trenger:
100 g salte cahewnøtter
100 g valnøtter
1 ss sukrin gold (eller anna søtning tilsvarande 1 ss sukker)
1 eggekvite
100 g Sukrinsirup Gold
3 store, ferske dadler i små biter (kan sløyfast)
1/2 ts kanel
eit godt dryss ekte vaniljepulver (kan sløyfast)
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.
2. Grovmal nøttene i en kraftig blendar eller foodprosessor.
3. Vend inn resten av ingrediensane.
4. Form klatter (en stor, god ts) på eit steikebrett med bakepapir og trykk ei valnøtt ned i midten.
5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.
Kjeksa står seg i eit par veker i kakeboks, og dei passer like godt til kos som tursnacks 🙂
Daddelbitane synes eg løfter desse kjeksa fleie hakk, men du kan og bruke anna smakstilsetning om du ønsker det. Eg har prøvd både rosiner, fiken, sjokoladebiter og nøytrale – men daddelbiter synes eg definitivt er det beste 🙂
Lag, nyt og kos deg♥
Annonse
8 Kommentarer
jt
2. desember 2022

Linda Stuhaug
3. desember 2022
tia
4. januar 2021

Linda Stuhaug
5. januar 2021
Ida Brodahl
23. desember 2020

Linda Stuhaug
4. januar 2021
Malika R Lakhdar
21. desember 2020

Linda Stuhaug
22. desember 2020
SKRIV EN KOMMENTAR