Annonse
15. august 2024
Skikkelig digg nachos!
Hei folkens!
Her er det full feriemodus og vi er no på bobiltur sørover, men før vi hadde ferie så hadde vi skikkelig nachosdilla! Vi prøvde ulike typer nachos og fant ein favoritt som vi no kjem til å lage framover når det står nachos på menyen. Enkel og grei oppskrift som virkelig har falt i smak hos oss!
Du trenger, 3-4 personer:
• 150-200 g nachoschips (vi bruker den med smak av ost, absolutt best!)
• 400 g kjøttdeig/karbonadedeig
• 1 gul løk, grovhakka
• 2 fedd kvitløk, finhakka
• 1/2-1 chili, finhakka
• 2-3 ss heimelaga tacokrydder (eller ca 1 pose kjøpt)
• 1 glass tacosaus
• Ost til topping
• Smør til steiking
(Det er og godt å bruke 1 boks kidneybønner, men hadde det ikkje denne gangen eg tok bilde. Skyll og renn godt av. Bruker då i tilfelle litt ekstra tacokrydder)
Slik gjer du:
1. Steik løk, kvitløk og chili i smør til løken er blank. Ha oppi kjøttdeigen og gjennomsteik.
2. Tilsett tacokrydder, tacosaus og en liten skvett vatn. La det småkoke i 5-10 minutt til en fyldig kjøttsaus.
3. Bre nachoschipsen ut over eit stekebrett med bakepapir. Vi fyller ikkje heilt ut til kantane med denne oppskrifta.
4. Ha over tacoblandinga og avslutt med raspa ost.
5. Steik på 200 grader, over-undervarme til osten er godt smelta og gyllen.
Serverer med en frisk salat med mango, salsasaus, rømme og heimelaga guacamole. Heilt nydelig og perfekt helgemiddag!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR