Annonse
12. desember 2023
Slik lager du lussekatter uten sukker!
Hei!
(innlegget først publisert 12.desember 2017)
Imorgon er det 13.desember og den store Luciadagen, og på denne dagen av året høyrer det med lussekatter. Eg har ikkje baka lussekatter her på bloggen enda, og den siste veka har oppskrift på lussekatter ala Linda Stuhaug vore veldig etterspurt – så idag er det en perfekt dag å dele på!
Lussekatter ala Linda Stuhaug betyr at dei er luftige, saftige – men samtidig sukkerfri og fiberrike. Eg baker alltid gjærbakst med speltmjøl, men foretrekker du kveitemjøl kan du fint bruke det. Kombinasjonen av speltmjøl og fiberfin, som gjer bollane fiberrike, gjer gjærbakst litt sunnare, meir næringsrikt og ikkje minst magevennlig.
Eg kan nesten garantere at desse faller i smak hos heile familien – store og små. Forskjellen er ikkje stor fra ekte gjærbakst, og det er ikkje sikkert at nokon merker forskjell eingang 🙂 Prøv sjølv!
Lussekatter uten sukker, ca. 15 stk
100 g ekte smør*
3 dl melk*
1 pk tørrgjær
0,5 g safran*
50 g sukrin gold*
30 g sukrin+*
150 g original kesam
1 ts kardemomme
en klype salt
1 ss flytande honning
100 g fiberfin, kan erstattast med meir mjøl
ca. 400-500 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
Pensling og pynt
1 egg
rosiner
Slik gjer du:
1.Smelt smør og tilsett melk. La blandinga bli lunka, ca 40 grader før du visper inn safran og gjær. Tilsett deretter sukrin gold, sukrin+, honning, salt, kardemomme og kesam – bland godt. Hell over i ei eltemaskin (du kan også elte for hand).
2. Tilsett fiberfin etterfulgt av litt og litt mjøl til deigen blir blank, smidig og lett slipper bollen. Det er bedre med litt for lite enn litt for mykje. La deiga elte på lav hastighet eit par minutter.
3. Hev deiga under eit tørt kjøkkenhåndkle på en lun plass til dobbel størrelse. Dette tar 1- 1,5 time, men vil variere etter temperatur og kva mjøltype du bruker.
4. Kna deiga opp og del i biter. Trill til lange, fingertjukke pølser og form til ulike lussekatter. Legg på eit steikebrett med bakepapir. La lussekattane etterheve i 30-45 minutt på en lun plass.
5. Sett ovnen på 220 grade,r over-undervarme. Trykk rosin ned i svingane og pensle lussekattane med sammenvispa egg rett før dei skal i ovnen. Steik midt i ovnen i ca. 10 minutt, eller til dei er gylne.
6. Avkjøl på rist og nyt 🙂
Tips og alternativ til lussekattane
♦ Safran kan byttast med 1/2 ts gurkemeie for fargen sin del, men då får du naturligvis ikkje safran-smaken som også kjennetegner lussekatter.
♦ For melkefri boller: bruk melkefritt smør og alternativ melk. Kesam kan du erstatte med 50 g ekstra smør eller lik mengde kokoskrem.
♦ Sukrin gold og sukrin+ kan erstattast med anna søtning tilsvarande 110 g sukker. Eg anbefaler ikkje vanlig sukrin.
Lussekattane kan fint frysast og varmast litt før servering, så blir det akkurat som ferske 🙂
Nyt en bolle eller tre – enten om du baker idag, imorgon eller kanskje til helga igjen♥
Annonse
34 Kommentarer
Elin
13. desember 2022
Julie
14. desember 2022
Silje
11. desember 2019

Linda Stuhaug
12. desember 2019
Imu
12. desember 2022

Linda Stuhaug
12. desember 2022
Elise
12. desember 2024

Linda Stuhaug
13. desember 2024
C
13. desember 2023

Linda Stuhaug
13. desember 2023
Inger Janne
13. desember 2023

Linda Stuhaug
13. desember 2023
Charlotte
11. desember 2023

Linda Stuhaug
11. desember 2023
Angeliki
13. desember 2020

Linda Stuhaug
13. desember 2020
Angeliki
16. desember 2020

Linda Stuhaug
17. desember 2020
Karoline
10. desember 2020

Linda Stuhaug
13. desember 2020
Anne
7. desember 2020

Linda Stuhaug
8. desember 2020
Tonje
7. desember 2020

Linda Stuhaug
8. desember 2020
Toril
13. desember 2022

Linda Stuhaug
16. desember 2022
Elise Kaspara
11. desember 2024

Linda Stuhaug
13. desember 2024
Stine
14. desember 2022

Linda Stuhaug
16. desember 2022
Elida
2. desember 2022

Linda Stuhaug
2. desember 2022
C
13. desember 2023

Linda Stuhaug
13. desember 2023
SKRIV EN KOMMENTAR