

God onsdag! La meg presentere vekas ønskeoppskrift! De som følger meg på instagram fikk med seg at eg la et bilde på instastories på søndag der eg spurte om de hadde ei ønskeoppskrift eg skulle lage. Planen var å plukke ut 1-2 oppskrifter, lage desse og dele iløpet av veka. Det kom inn veldig mange gode forslag, og fleire av forslaga fletta seg inn i kvarandre. Derfor føler eg faktisk at eg har truffe veldig mange med vekas ønskeoppskrift; Digg høstgryte, barnevennlig gryte, alt-i-en gryte middag, sunn og enkel middag for kresne barn, middag som kan klargjerast kvelden før, gryte med masse (skjulte) grønnsaker, middag på maks 30 minutt, og sist, men ikkje minst PØLSEGRYTE! Har eg ikkje slått mange fluer i en smekk så veit ikkje eg? Planen var å vente til torsdag-fredag med denne oppskrifta, men sidan så sinnsjukt mange etterspurte den på instagram igår, så tenker eg at det er en fin onsdagsmiddag å dele 🙂 Kanskje nokon allerede vil lage gryta idag? Det er jo en super kvardagsmiddag som både er sunn, rask og enkel, og ikkje minst passer utmerket som familiemiddag. I pølsegryta har eg lurt inn massevis av friske grønnsaker, gryta lager du i en og samme kjele, og den er ferdig på under halvtimen. Når det kjem til kva type pølser du bruker så har det naturligvis mykje å sei for ferdig resultat, både smak og sunnhet. Kvar gang eg lager middag med pølser så er eg på utkikk etter pølse med mest mulig kjøtt. Det har alltid vore lokale pølser med over 90% kjøtt og uten mykje tullball. Desse har ein mykje bedre konsistens og smak også. Eit sunt og godt alternativ som eg anbefaler. Denne gangen fant eg ikkje desse pølsene, og endte med å bruke Gilde Go´og mager grillpølse. Desse inneholder 65% kjøtt og er absolutt eit OK alternativ, og er både glutenfri og melkefri. Men, du bestemmer sjølvsagt heilt sjølv kva pølser du bruker 😉
Men du må registrere en gratis bruker for å få tilgang til denne og alle andre gratisoppskrifter.
Ved å registrere deg godtar du .
Ingen kommentarer enda. Vær den første til å dele dine tanker.