Linda Stuhaug

Sunne, seige peanøttkjeks

Sunne, seige peanøttkjeks
Heisann!
Det begynner å bli ein del varianter av desse seige, søte nøttekjeksa her på bloggen – men det er rett og slett fordi dei er så sjukt gode! Ikkje minst så er dei superenkle å slenge sammen, krever ikkje så mange ingredienser og står seg godt i ein kakeboks. Desse kjeksa er virkelig verdt å prøve om du ikkje har testa dei enda 🙂
Dagens variant er litt ny; den er med salte peanøtter, valnøtter og biter av dadler. Fantastisk gode, og kanskje (?) favoritten hittil.
Kjeksa er uten tilsatt sukker, gluten og melk. Dei passer like godt til mellommåltid som tursnacks eller sunnare kos 🙂
Sunne, seige peanøttkjeks, 20-25 stk 110 g salte peanøtter 110 g valnøtter 3 ss sukrin gold* 1 eggekvite 100 g fibersirup clear 1/3 ts kanel 3 store, saftige dadler i små biter
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.
2. Grovmal nøttene i en kraftig blendar eller foodprosessor.
3. Vend inn resten av ingrediensane.
4. Form klatter (en stor, god ts) på eit steikebrett med bakepapir og trykk ei valnøtt ned i midten.
5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist.
Tips & alternativer* ♦ Du kan sjølvsagt sløyfe biter av dadler, men det blir utrulig godt med!
♦ Har du ikkje sukrin gold? Bruk anna valgfri søtning tilsvarande 3 ss sukker.
♦ Eg vil ikkje anbefale å bruke noko anna enn fibersirup. Fibersirup er nettopp den superingrediensen som gir kjeksa seig kjerne, sprø kanter i tillegg til sødme og smak. Alternativet er ibersirup gold, men då må du kutte ned på Sukrin Gold.
Som nevnt; kjeksa blir seige, får sprø kanter og er rett og slett skikkelig saftige. Heilt perfekt konsistens etter mi meining!
Aller best smaka dei til ei kopp kaffi, enten det er i sofakroken heime eller på tur 🙂
Då gjenstår det å ønske dokke ei riktig god helg!
Eg går i møte med ei helg som både blir travel, lærerik og svært langt ut av komfortsonen. JENTEPUST arrangerast i Førde ikveld og Sogndal imorgon, der eg er 1 av 5 foredragsholdere;
Det blir ca. 600 stk i salen ikveld, og ca. 400 stk i salen imorgon. Eg har aldri stått framfor så mange personer før, og eg kjenner at nervande virkelig begynner å komme… Eg har forberedt meg godt og trur det kjem til å gå bra, men det blir virkelig en ny opplevelse for min del. Ønsk meg gjerne lykke til!!♥ Nyt helga, godtfolket 🙂 

Heisann!

Det begynner å bli ein del varianter av desse seige, søte nøttekjeksa her på bloggen – men det er rett og slett fordi dei er så sjukt gode! Ikkje minst så er dei superenkle å slenge sammen, krever ikkje så mange ingredienser og står seg godt i ein kakeboks. Desse kjeksa er virkelig verdt å prøve om du ikkje har testa dei enda 🙂

Dagens variant er litt ny; den er med salte peanøtter, valnøtter og biter av dadler. Fantastisk gode, og kanskje (?) favoritten hittil.

Kjeksa er uten tilsatt sukker, gluten og melk. Dei passer like godt til mellommåltid som tursnacks eller sunnare kos 🙂

Sunne, seige peanøttkjeks, 20-25 stk
110 g salte peanøtter
110 g valnøtter
3 ss sukrin gold*
1 eggekvite
100 g fibersirup clear
1/3 ts kanel
3 store, saftige dadler i små biter

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

2. Grovmal nøttene i en kraftig blendar eller foodprosessor.

3. Vend inn resten av ingrediensane.

4. Form klatter (en stor, god ts) på eit steikebrett med bakepapir og trykk ei valnøtt ned i midten.

5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist.

Tips & alternativer*
♦ Du kan sjølvsagt sløyfe biter av dadler, men det blir utrulig godt med!

♦ Har du ikkje sukrin gold? Bruk anna valgfri søtning tilsvarande 3 ss sukker.

♦ Eg vil ikkje anbefale å bruke noko anna enn fibersirup. Fibersirup er nettopp den superingrediensen som gir kjeksa seig kjerne, sprø kanter i tillegg til sødme og smak. Alternativet er ibersirup gold, men då må du kutte ned på Sukrin Gold.

Som nevnt; kjeksa blir seige, får sprø kanter og er rett og slett skikkelig saftige. Heilt perfekt konsistens etter mi meining!

Aller best smaka dei til ei kopp kaffi, enten det er i sofakroken heime eller på tur 🙂

Då gjenstår det å ønske dokke ei riktig god helg!

Eg går i møte med ei helg som både blir travel, lærerik og svært langt ut av komfortsonen. JENTEPUST arrangerast i Førde ikveld og Sogndal imorgon, der eg er 1 av 5 foredragsholdere;

Det blir ca. 600 stk i salen ikveld, og ca. 400 stk i salen imorgon. Eg har aldri stått framfor så mange personer før, og eg kjenner at nervande virkelig begynner å komme… Eg har forberedt meg godt og trur det kjem til å gå bra, men det blir virkelig en ny opplevelse for min del. Ønsk meg gjerne lykke til!!♥

Nyt helga, godtfolket 🙂 

14 Kommentarer

Å

Åse

3. februar 2019

Hei! Kjeksa smakte supergodt, men dei blei seige og datt litt frå kvarandre. Kva har eg gjort feil? Steikte dei i 15 min.

Linda Stuhaug

3. februar 2019

Datt ifrå kvarandre? Hm. Høyres litt rart ut… Kanskje nøttene skulle vore enda meir malte, det er det eg kjem på som kan vere feilen. Også er det viktig at dei får avkjøle seg heilt på bakepapiret før ein begynner å flytte på dei 🙂

Å

Åse

3. februar 2019

Eg prøver att

Linda Stuhaug

4. februar 2019

Gjer det 🙂

A

Anette

3. februar 2019

Hei Skal de 110 g valnøtter hakkes og i deigen eller bare en oppå hver kjeks ??

Linda Stuhaug

3. februar 2019

Valnøttene på toppen er i tillegg 🙂

I

Ida Sofie

3. februar 2019

Dødskult! Lykke til!! 😀

Linda Stuhaug

3. februar 2019

Tusen takk, Ida Sofie 😀 Det gjekk veldig bra!!

S

Silje

2. februar 2019

Takk for en flott blogg! Kan jeg bruke noe annet enn fibersirup? 🙂 feks vanlig sirup?

Linda Stuhaug

3. februar 2019

Takk som følger, Silje 🙂 Eg anbefaler ikkje noko anna enn Fibersirup for optimalt resultat, slik som eg skriver i innlegget. Du kan alltids prøve med vanlig sirup, men resultatet vil nok ikkje bli det samme 😉

A

Anne T

1. februar 2019

Masse lykke til! Me så sit i salen gler oss til å høyra deg 🙂 Desse kjeksa må forøvrig testast ut.

Linda Stuhaug

3. februar 2019

Tusen takkk, Anne! Gjekk fint dette 🙂 Håper kjeksa faller i smak når den tid kjem!

C

Christina

19. august 2019

Hei! Ser at du sier at fibersirup ikke kan byttes ut. Det går ikke an å bruke Yaconsirup heller? Ender opp med mange ulike siruper jeg ikke har så mange andre bruksområder for.

Linda Stuhaug

20. august 2019

Hei! Nei, ikkje for å få den seige, gode konsistensen. Det er kun fibersirup som har den egenskapen 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg