Annonse
15. november 2024
Supersaftige, halvgrove kesam-scones

KESAM SCONES! Desse blir sååå saftige, luftige og gode! Du lager dei på maks 25 minutter, dei smaker nydelig både med salt og søtt pålegg og kan fint frysast. Passer like godt kvardag som helg - men no som vi går mot helg kan eg virkelig anbefale å lage dei til helgefrukosten😍

Du trenger, 1 scones med 8 biter:
1 boks, 300 g kesam original
1 dl melk
1 stor ss bakepulver
1 ts salt
150 g havremjøl (eller anna grovt mjøl)
200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
Slik gjer du:
1. Bland sammen kesam, melk, bakepulver og salt. Vend inn mjølet til slutt og til du får en lett klebrig deig.
2. Klapp deiga ut på eit steikebrett med bakepapir (bruk litt mjøl over) og rut opp i 8 biter.
3. Steik midt i ovnen på 200 grader, over-undervarme i 15-18 minutt, til en gylne farge. Avkjøl på rist.

TIPS!
Vil du lage dei melkefri? Bytt ut kesam med eit melkefritt alternativ til creme fraîche, og melk med plantebasert melk. Vil du lage dei glutenfri? Her må du prøve deg fram! Bruk glutenfritt havremjøl og bytt ut resten av mjølet med ein lys, nøytral og glutenfri variant, f.eks en slags mjølblanding. Hold litt tilbake på og tilsett litt og litt, det er ikkje sikkert du trenger like mykje.

God helg alle sammen🥰
Annonse
8 Kommentarer
Line
17. november 2024
Linda Stuhaug
19. november 2024
Sara
22. november 2024
Linda Stuhaug
23. november 2024
NN
1. mars 2025
Linda Stuhaug
2. mars 2025
NN
5. mars 2025
Linda Stuhaug
7. mars 2025
SKRIV EN KOMMENTAR