Annonse
Tomat- og mozzarellasalat med ENRICHED
Annonse / innlegg i samarbeid med Enriched Food
God fredag godtfolk!
Fleire som har fått tidenes værforanding eller? Fra knallsol og 30 grader for nokre dager sida, til kraftig regn og 8 grader…! Men, sommar er det uansett – og eg fortsetter med eit fokus på sommarmat 🙂 Idag har eg ein deilig, fargerik tomat- og mozzarellasalat med ENRICHED å dele med dokke. Perfekt som tilbehør til grillmaten, middagen, som forrett eller siderett:
ENRICHED Økologisk Extra Virgin Olivenolje med omega-3 tilsetter eg i hovedsak av to grunner;
1) Litt ekstra smak♥
Idag har eg brukt ENRICHED med basilikumsmak, fordi eg synes den passa best til salaten. Både kvitløkssmak og sitronsmak hadde også passa fint å bruke her 🙂 Den naturelle, altså uten smak, kunne ein også fint ha brukt for å få det meir nøytralt.
2) Dekke mitt daglige, anbefalte inntak av omega-3♥
Dette er eit heilt unikt produkt som har kombinert Økologisk Extra Virgin Olivenolje med høgkvalitets torskeolje. Torskeoljen er rik på omega-3 fettsyrer, og det gjer dette produktet til ein super omega-3 kilde som ein kan tilsette i matlaginga. Enkel og smakfull måte å få i seg det daglige, anbefalte inntaket av omega-3!
Du trenger, tilbehør til 4-6 personer:
4 modne tomater
100-200 g modne småtomater
1-2 stk mozzarella
litt ferske basilikumblader
2 ss ENRICHED med basilikumsmak
grovkverna pepper
Slik gjer du:
Skjær tomatene og mozzarella i skiver, småtomatene i to og riv av litt basilikumblader. Dander på ei tallerken og ha over ENRICHED og grovkverna pepper heilt til slutt. Så enkelt!
Tomat- og mozzarellasalat er ein klassiker på sommaren, og eg er sjølv veldig glad i denne kombinasjonen. Så passer det til det meste av både kjøtt, fisk, kylling og vegetarretter 🙂
ENRICHED Extra Virgin Olivenolje fåes i både glassflasker og porsjonspakininger. Les meir og bestill heim her om du er nysgjerrig♥
Eg har brukt desse oljene i litt over to år no. Eg har veksla mellom alle smakane som favoritter, alt etter sesong 🙂 No er eg veldig glad for at det har komt ein i naturell også, som kan tilsettast i oppskrifter der ein ikkje ønsker smak av sitron, kvitløk eller basilikum.
Velbekomme og god helg alle sammen♥
Annonse
2 Kommentarer
Jan
13. juni 2021

Linda Stuhaug
14. juni 2021
SKRIV EN KOMMENTAR