Annonse
31. mai 2019
Turanbefaling: Vetvika – ei nydelig, skjult naturperle
Hei fintfolk!
Dette innlegget har vore publisert tidligare, men etter å ha vore i Vetvika fleire ganger i ettertid har eg valgt å oppdatere innlegget med fleire, nye bilder og litt ny tekst. Vetvika er nemlig ei nydelig, skjult naturperle av dei sjeldne her i Sogn og Fjordane. Ein fin sommardag her er ingenting anna enn fantastisk, og når kvelden kjem og sola går ned i det åpne hav, så er det kun ordet magisk som kan beskrive det ein ser…. Ein turanbefaling til Vetvika er på sin rette plass, og eg håper at fleire får augene opp for denne fantastiske vika♥
Mitt forrige innlegg med turanbefaling blei tatt veldig godt imot, så det gav meg absolutt meirsmak å bruke litt god tid på slike innlegg når tilbakemeldingane var så gode. «Turanbefaling: Norge på tvers» ligger også i arkivet om du vil lese det 🙂
Dagens turanbefaling finner vi heime i trivselsfylket Sogn og Fjordane, derfor er nok ikkje innlegget og turen like aktuell for så mange. Men, eg har jo mange lesere og følgere heimefrå som kanskje får lyst å ta turen til Vetvika iløpet av sommaren, eller kanskje ein gang i framtida.
Vetvika blir kalla for eit naturhardt paradis og er ein av dei vestlegaste naturperlene vi har. Du blir møtt av ei krittkvit sandstrand omgjeven av asurblått hav og høge fjell…
Det går ingen veger opp hit – du må enten komme med båten inn vika, eller gå over fjellet. Den store naturopplevelsen ligger virkelig i å gå over fjellet, mot Karihaugen og gå nærmare og nærmare det åpne hav. Du kjem etterkvart fram på kanten og får ei fantastisk utsikt ned i vika♥
Turen til Vetvika kan du fint gå som ein dagstur – gjerne rundtur – men har ein tid og lyst anbefaler eg virkelig å ta ei overnatting i telt. Som nevnt er solnedgangen her heilt magisk på ein fin sommardag!
Turbeskrivelse (med hjelp frå UT!)
(PS! Heile turen er godt merka med jamne mellomrom, 50-60 meter mellom merkepinnane, så uproblematisk for ukjende å ta turen)
→ Vetvika ligger i Bremanger kommune. Kjør til Svarstad på Bremangerlandet og parker bilen.
→ Frå parkeringa følger ein grusvegen opp mot fjernsynssendaren på Steinfjellet i ca. 3 kilometer. Ved Rabben tek ein av på ein sti til høgre like ved ei hytte. Herfra følger ein stien i ca. 1 kilometer, før stien skiller seg (følg med!).
→ Når stien skiller seg anbefaler eg å ta til venstre opp bratta i retning Karihaugen. Du går opp til ei høgde på ca. 600 moh, før terrenget flater seg ut og begynner å gå nedover igjen. Du kjem nærmare og nærmare det åpne hav og Vetvika, før du til slutt kjem fram på kanten får ei nydelig utsikt over vika♥
Første gang vi kom var det tjukk tåke, så letta det opp litt etter litt… Heilt fantastisk!
→ Så er det berre å starte på Vikabakkane ned mot vika. Her er det nokså bratt, og kan vere krevjande for folk f.eks dårlige kne. Men, det er uproblematisk for folk flest å gå nedover her så lenge ein følger merkepinnane. Vi har møtt på både eldre og barn i desse bakkane.
→ Du er no framme i Vika. Her kan ein nyte ein god lunsj, ta eit bad, tenne bål, nyte livet… og har du med deg telt er det nok av plass å boltre seg på. Dei aller fleste velger å telte nede i vika, på grasslettene bak sandstransa (vi har både telta nede i Vika og oppi Vikabakkane, som du kan sjå på bildene).
Nede i Vika – bilde tatt opp mot Vikabakkane!
→ Når du skal gå tilbake til bilen kan du enten gå same vegen som du kom, eller du kan gå om Ura – då blir det ein rundtur, og det er absolutt det eg anbefaler.
→ Frå Vika følger ein merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Her kjem du til Ura og her er det god sti. Stien held seg slakt stigande forbi nokre sel på sørsida av Fåvatnet, og etterkvart møter du igjen stien der den skilte seg. Herfra følger du stien mot grusvegen og går nedover mot bilen.
Det er ca. 16 kilometer om du går turen til Vetvika som ein rundtur. Det er ca. 7 kilometer over Karihaugen til Vika, og ca. 9 kilometer om Ura heim igjen.
Eg var i Vetvika før første gang i 2017, og sist gang for berre to veker sidan: eg tok nemlig 17.mai feiringa her i år! Eg kjem definitivt til å reise tilbake iløpet av sommaren, med telt, primus, turmat og godt selskap. Det er ingenting som er bedre enn å nyte helgene utendørs!
Håper de liker innlegget, og at fleire har lyst å ta turen 🙂 ♥
Spørr meg sjølvsagt om det er noko de lurer på, så skal eg svare så godt eg kan!
Annonse
46 Kommentarer
Gunn Helsem Leine
8. mai 2021

Linda Stuhaug
9. mai 2021
Grete Aa Sandal
26. juli 2019

Linda Stuhaug
29. juli 2019
Solveig
11. juli 2019

Linda Stuhaug
11. juli 2019
Erlend
21. juni 2019

Linda Stuhaug
23. juni 2019
Ingvild
12. juni 2019

Linda Stuhaug
12. juni 2019
Siri
2. juni 2019

Linda Stuhaug
2. juni 2019
Urd
1. juni 2019

Linda Stuhaug
1. juni 2019
Trine
31. mai 2019

Linda Stuhaug
1. juni 2019
Sonja
31. mai 2019

Linda Stuhaug
1. juni 2019
Ingrid
31. mai 2019

Linda Stuhaug
1. juni 2019
fruensvilje
31. mai 2019

Linda Stuhaug
1. juni 2019
Ragnhild Larsen
27. juli 2021

Linda Stuhaug
28. juli 2021
Kjell Arne
5. juli 2023

Linda Stuhaug
5. juli 2023
Grethe
18. juli 2023

Linda Stuhaug
19. juli 2023
Tine
21. mai 2023

Linda Stuhaug
23. mai 2023
Ørjan
7. juni 2020

Linda Stuhaug
7. juni 2020
Ingrid
6. juni 2020

Linda Stuhaug
7. juni 2020
Øyvind Heen
25. mars 2020

Linda Stuhaug
26. mars 2020
Astrid
9. august 2018

Linda Stuhaug
9. august 2018
Sonja
9. august 2018

Linda Stuhaug
9. august 2018
Tone
9. august 2018

Linda Stuhaug
9. august 2018
Maren
9. august 2018

Linda Stuhaug
9. august 2018
Ole Martin
12. mars 2024

Linda Stuhaug
12. mars 2024
SKRIV EN KOMMENTAR