Annonse
28. april 2023
Turbeskrivelse av nydelige Bakkanosi!
Først og fremst: no blir det litt meir turinspirasjon framover! Eg spurte både på instagram og facebook-sida mi, og det var veldig mange som ønska. Så framover blir det meir turtips og turglede i tillegg til mat!
Eg starter rett og slett med en turbeskrivelse av Bakkanosi, ein nydelig tur med spektakulær utsikt:
Bakkanosi ruver 1398 meter over vakre Nærøyfjorden og er ein tur som havner langt opp på mi favorittliste over fjellturer💛 Eg har hatt denne på lista mi i årevis, og endelig fell eg tatt turen forfjor sommar! Her får du min turbeskrivelse:
📍Startpunkt for turen er i Jordalen, 10-15 minutt kjøring fra Gudvangen. Parkering er godt skilta ved Jordalen skule.
🏃🏻♀️ Turen starter med 2,7 km grusvei/stølsvei til stølstunet Slettedalen. Her stiger du en del høgdemeter, og det er vell kanskje det brattaste partiet på heile turen. Deretter skal du følge Slettedalen med stien på venstre side av elva. Her er det tydelig sti, slakk stigning (føles flatt) og svært lettgått terreng i ca. 3 km.
⛰ I enden av dalen stiger du opp til Slettedalstjørni og passerer vatnet på høgre side. Herfra til toppen går stien over til stein, svaberg og ur, men ikkje av den krevande varianten. Du går på skrått oppover til Lyngsskardet, og følger høgda til varden og vidare fram til utkikkspunktet 100-150 meter forbi topppunktet.
😍 På utsiktspunktet får du lønn for strevet! Her har du spektakulær utsikt over den idylliske bygda Bakka, og ikkje minst eit vanvittig fjell- og fjordlandskap⛰ Men vær forsiktig, det er stupbratt framme på kanten!
⏰ Turen er på 18 km tur/retur med 950 m stigning, men etter mi meining er det ein veldig lettgått tur. Eg brukte 5 timer totalt på heile turen, inkludert ein lang pause på toppen, men 6-7 timer avhengig av form er nok tidsbruk som passer dei fleste.
❗️Turen er ikkje merka, men det er veldig tydelig sti. Når du kjem til partiet med stein og ur, så må du berre følge litt med på dei små vardane som er laga.
EKSTRATIPS👇🏻
Du kan faktisk overnatte på parkeringa ved Jordalen skule. Her kan du betale døgnparkering og overnatte i bubil/bil/campingvogn på parkeringsplassen enten før eller etter turen😊
PS! Du ferdast i høgfjellet og været kan veldig snu fort. Ha med deg mat og kle for alt slags vær i sekken, uansett kva vær du starter turen i, og kva værmeldingane seier☀️🌧
Har du gått denne turen? Eller kanskje du fekk lyst? Håpe eg kan inspirere!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR