Annonse
16. juli 2018
Ut på tur & proteinrike havrerundstykker med innbakt ost og skinke
Riktig god mandag alle sammen!
Akkurat no sitter eg i bilen på veg til årets tur. Vi skal køyre til Vassbygdi og gå Aurlandsdalen idag, så går vi vidare fra hytte til hytte i Skarvheimen, med dagsetapper mellom 17 og 30 kilometer. Vi skal gå sju dager i fjellet, og eg ville egentlig berre stikke innom no å ønske dåkke ei riktig god veke♥ Eg har nemlig tenkt å ta fri denne veka fra blogg og sosiale medier, så eg blir utilgjengelig vertfall her på bloggen, men titter kanskje innom facebook-sida mi HER eller instagram under lindastuhaug dersom eg føler for det 🙂
Bildet tatt i går – etter sekken var pakka, men FØR maten var på plass. Maten tar jo halve sekken…. Neida. Joda….
Vi skal innom både sjølvbetjente og betjente hytter, og dei to-tre sjølvbetjente hyttene er no i starten av turen. Det betyr at vi ikkje får servert noko mat, men kan forsyne oss av matvarelager mot nokre kroner. Eg har forberedt frukost og turmat til dagsetappane desse tre-fire første dagane, og delte litt bilder på instastory igår. Det tok ikkje lang tid før innboksen stod på spreng og oppskrifter blei etterspurt… Spesielt etter desse proteinrike havrerundstykka med innbakt ost og skinke:
Det er tredje året eg lager desse og tar med på langtur. Det eg lika så godt med dei er;
♦ Dei er mektige og næringsrike.
♦ Pålegget er innbakt i rundstykka, som gjer at eg har eit alt-i-eit rundstykke.
♦ Dei står seg godt og er like saftige og gode etter 3 dager i sekken (fra dagen dei er laga).
Perfekt turmat på langtur, med andre ord! Sida så mange etterspurte oppskrift igår, så tenkte eg å dele den her med dåkke idag. Grunnoppskrifta er den klassiske oppskrifta på proteinrike havrerundstykker med cottage cheese og havre som eg har delt oppskrift på mange ganger før. Eg har også delt en lignande oppskrift på proteinrike matmuffins med ost og skinke HER, men denne varianten her er hakket bedre, og hakket enklare:
Du trenger, ca. 14 stk:
400 g cottage cheese (1 stort beger)
4 egg
250 g havremel
100 g havregryn
2 ts bakepulver
1 ts salt
1 ts tørka oregano eller pizzakrydder
1/2 ts paprikakryder
litt grovkverna chili og kvitløk (kan sløyfast)
–
ca. 200-250 g skinke i biter
ca. 100-150 g ost
Slik gjer du:
1. Ha cottage cheese og egg i en bolle. Kjør blandinga heilt glatt med ein stavmiksar. Visp inn bakepulver og krydder, før du tilsetter havremel og havregryn. Bland godt.
2. Kna inn skinke og ost. Eg brukte en blanding av revet og og små biter av ost, bruk det du foretrekker her. La blandinga svelle i ca. 10-15 minutt.
3. Form til rundstykker med litt fuktige hender. Strø gjerne over valmuefrø på toppen. Steik på 180 grader, over-undervarme i 20-25 minutt, eller til rundstykka er gylne og gjennomstekt. Avkjøl.
Rundstykka anbefaler eg å oppbevare i en matboks eller matpapir. La dei gjerne stå i kjøleskap dersom du ikkje skal på tur… Dei kan fint frysast også.
Du kan sjølvsagt variere litt ingredienser etter smak og behag. Eg har tidligare bytta ut litt av skinka med bacon eller spekemat, og det er veldig godt. Det er også digg å bruke en smaksrik ost for å få litt meir futt i rundstykka. Eg brukte jarlsberg denne gangen 🙂
Dei passer også like godt til frukost, den klassiske matpakken, turmat på dagsturer og strandmat.
Kanskje det er fleire som lager desse rundstykka og tar med på tur? Eg har fått mange spørsmål om turmat i det siste, så håpa fleire er inspirerte til å prøve desse 🙂
God veke då, alle sammen! Eg er tilbake søndag eller mandag, i mellomtida håper eg de lager masse digge oppskrifter og legger igjen nokre hyggelige kommentarer som de alltid gjer 🙂
No skal eg yte, nyte, svette, få gnagesår, møre bein, vonde smilemuskler, irritere meg over myggen og glede meg over turmat til middag. Ikkje minst sette pris på en funksjonell og sterk kropp som tåler å bli med milevis på fjellet med alt for mange høgdemeter og tunge sekker… Takksam for at eg har denne muligheten, det tar eg ikkje for gitt♥
Annonse
20 Kommentarer
Geir
9. februar 2020
Linda Stuhaug
10. februar 2020
Camilla
25. april 2020
Linda Stuhaug
26. april 2020
Kristine
25. august 2018
Linda Stuhaug
28. august 2018
Tone
22. august 2018
Linda Stuhaug
23. august 2018
Jorunn
23. juli 2018
Linda Stuhaug
24. juli 2018
Thor Marthinussen
17. juli 2018
Linda Stuhaug
23. juli 2018
Hege
16. juli 2018
Linda Stuhaug
23. juli 2018
Marie
16. juli 2018
Linda Stuhaug
23. juli 2018
Nina
12. november 2020
Linda Stuhaug
13. november 2020
Marie
28. mars 2023
Linda Stuhaug
29. mars 2023
SKRIV EN KOMMENTAR