Annonse
8. mai 2018
Crunchy, digg banangranola!
God morgen!
Idag skal eg bytte ut litt bachelor- skriving på dagtid med en etterlengta sykkeltur, sola skinner fra blå himmel og det er ikkje kvardagskost på Vestlandet 😉 Skrivinga får eg ta igjen i ettermiddag – eg har uansett meir ro i kroppen når den er blitt litt brukt!
Men, over til dagens oppskrift. Har du hørt om banangranola? Dette er perfekt å lage om du har overmodne bananer på kjøkkenbenken. Bananen gir både sødme og du får store, digge og crunchy granolabiter. Nydelig over ei skål med yoghurt og litt frisk frukt/bær:
Eg har mange oppskrifter med overmodne bananer i arkivet no, og når eg hadde eit par svarte bananer i fruktskåla mi for litt sida, så hadde eg lyst å lage noko nytt. Banangranola blei det, og denne oppskrifta er inspirert av flinke Godt for magen – Julianne, og du finner originaloppskrifta HER. Eg har gjort litt om på oppskrifta, og her har du min variant:
*Les tips og alternativ under!
Banangranola, 1 stor krukke
1 stor, moden banan
50 g Sukrinsirup gold (evt. honning eller anna valgfri, flytande søtning)
2 ss kokosolje, smelta*
1 ts kanel
150-200 g havregryn*
50-100 g valgfri nøtter/kjerner*
en god klype maldonsalt
Slik gjer du:
Sett steikeovnen på 150 grader varmluft. Ha banan, fibersirup, kokosolje, kanel og maldonsalt i en bolle og kjør glatt med stavmiksar. Vend inn havregryn og valgfri nøtter/kjerner.
Fordel granolablandinga på eit steikebrett med bakepapir. Sett inn midt i ovnen. Steik midt i ovnen i 20-30 minutt, eller til den er gyllen i fargen og begynner å bli sprø. Rør nokre ganger underveis.
Avkjøl granolaen. Når den er heilt avkjølt blir den knasande sprø, og du kan ta den over i ei glasskrukke. Oppbevarast i kjøkkenskapet.
PS! Lag gjerne dobbel eller trippel oppskirft, det gjer eg ofte – men må då naturligvis steike den lengre 🙂
Eg synes det er superdigg med store granolabiter, slik som eg har. Men dette kan man sjølvsagt bestemme sjølv, visst du ønsker små granolabiter kan du 1) fordele blandinga jevnare utover steikebrettet eller 2) hakke opp underveis etterpå.
Tips og alternativ*
→ For glutenfri granola bruker du naturligvis glutenfri havregryn.
→ Du man mikse og trikse med ulike typer nøtter og kjerner etter smak og behag. Tåler du ikkje nøtter bruker du kun kjerner, og er du ikkje så glad i kjerner kan du fint bruke eit par forskjellige typer nøtter. Du kan og gjere det veldig enkelt med å bruke kun en type, sjølvsagt.
→ Kokosolje kan byttast med rapsolje eller eventuelt smelta smør.
Lysare og finare dager gir meg lyst på lette, fargerike måltider – og ei slik skål med yoghurt/cottage cheese, granola og frukt/bær er heilt supert som både frukost, lunsj, kveldsmat eller mellommåltid for min del. Sunt, godt, raskt og veldig enkelt!
Prøv banangranola du også! Det er så mykje godt ein kan bruke overmodne bananer til. Dei høyrer vertfall ikkje heime i søppelbøtta! Mine bananer er ofte heilt svarte, men når eg tar av skallet er dei absolutt like fine inni, berre enda søtare. Eg kjøper og ofte ekstra mange bananer berre for å la dei ligge å modne, slik at eg kan bruke dei til digge banan-oppskrifter 🙂
Kva pleier du å bruke overmodne bananer til? Del gjerne tips! Eg har massevis av inspirasjon i arkivet, men lurer på om eg skal samle alle i eit innlegg, og då hadde det vore kjekt med eit par ekstra tips frå dåkke 🙂
Annonse
39 Kommentarer
Ingvild
10. desember 2018

Linda Stuhaug
12. desember 2018
Marie
19. september 2022

Linda Stuhaug
20. september 2022
Karoline
12. september 2019

Linda Stuhaug
12. september 2019
Victoria
17. september 2020

Linda Stuhaug
18. september 2020
Maria
22. januar 2023

Linda Stuhaug
23. januar 2023
Kjersti
10. januar 2022

Linda Stuhaug
11. januar 2022
Benita
8. desember 2021

Linda Stuhaug
9. desember 2021
Trine Taksdal
23. juli 2022

Linda Stuhaug
23. juli 2022
Trine Taksdal
23. juli 2022
Anonym
22. mai 2018

Linda Stuhaug
22. mai 2018
Wendy
12. mai 2018

Linda Stuhaug
13. mai 2018
Marit
22. mars 2023

Linda Stuhaug
26. mars 2023
Sonja
11. mai 2018

Linda Stuhaug
11. mai 2018
Julie
10. mai 2018

Linda Stuhaug
10. mai 2018
Kristiane
9. mai 2018

Linda Stuhaug
10. mai 2018
Kristin
8. mai 2018

Linda Stuhaug
8. mai 2018
Kristin
8. mai 2018

Linda Stuhaug
8. mai 2018
Camilla
19. august 2022

Linda Stuhaug
19. august 2022
Kristin Lund
9. april 2020

Linda Stuhaug
9. april 2020
Eva
18. mars 2020

Linda Stuhaug
19. mars 2020
SKRIV EN KOMMENTAR