Linda Stuhaug

Annonse

Knallgode, grove PIZZAVAFLER!

Knallgode, grove PIZZAVAFLER!
Vafler til middag? Ja, kvifor ikkje!
Oppskrifta dåkke får servert med meg idag kjenner mange av dåkke fra før. Det er nemlig den aller mest populære oppskrifta i kokeboka mi Opptur med sunne middagar som blei lansert for godt over eit år sidan. Desse grove, saftige og smakfulle pizzavaflane havna fort på topp, og blei raskt eit favorittoppskrift og den mest populære oppskrifta i heile boka!
Pizzavaflane er utrulig gode og lettvinte å lage – så eg skjønner godt at dette er en populær oppskrift♥ Og det beste med dei er at dei faktisk er like gode kalde som varme. Derfor passer dei like godt i matpakken, som turmat, til frukost, lunsj, på tapasbordet eller kva som helst anna enn kun middag!
Du trenger, 8-10 stk ♦ 100 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl* ♦ 100 g sammalt speltmjøl eller kveitemjøl* ♦ 50 g havregryn ♦ 3,5 dl melk ♦ 3 egg ♦ 100 g original kesam/rømme/creme fraiche ♦ 50 g smør, smelta ♦ 1 ts bakepulver ♦ 0,5 ts salt
Fyll ♦ 150 g raspa ost ♦ 200–300 g skinke, i strimlar/ terningar ♦ 1 bunt vårløk, grovhakka
Slik gjer du: Bland saman alle ingrediensane til vaffelrøra til ei jevn, klumpfri røre. Røra må svelle minst 20 minutt. Klargjer fyllet i mellomtida.
Så er det berre å varme opp vaffeljernet, helle oppi røre og toppe generøst med ost, skinke og vårløk. Bruk gjerne litt krydder om ønskelig. Lukk vaffeljernet, steik til vaflane er gylne o♥g ha over på rist. Nyt varme, lune eller kalde
Vaflane kan du ete akkurat som dei er, gjerne med litt ekstra grønsaker som tilbehør. Du kan også fylle vaflane med ekstra grønt/pålegg 🙂
Tips/alternativ:Må du ha glutenfri pizzavafler? Bytt ut sikta og sammalt speltmjøl/kveitemjøl med glutenfritt mjøl – gjerne eg kombinasjon av fint og grovt.
Fyll gjerne vaflene med noko anna enn ost, skinke og vårløk! Du kan bruke dei grønnsakene og det fyllet du ønsker for å lage din egen vri på dei 🙂 Fetaost, paprika, raspa gulrot, salt spekeskinke, salami/fårepølsebiter, små brokkolibuketter, purreløk, tacokjøttdeig og mykje anna godt kan du bruke!
Dette er en super middag du kan klargjere dagen i forveien. Lag vaffelrøra, gjer klart fyllet så gjenstår det berre steiking når du kjem heim fra jobb. Vips så er middagen på bordet iløpet av 10-15 minutter – maks!
Alle dåkke som var på boklanseringa mi i januar i fjor fekk jo og smake på vaflane. Dei fauk unna på 1-2-3, og det var ingenting igjen til meg! Haha 🙂
Etter over eit år som eksklusiv oppskrift i boka mi fant eg ut at eg skulle dele den her på bloggen også, så no håper eg at enda fleire har lyst å teste dei… Eg veit det kanskje høyres litt rart ut med pizzavafler, men PRØV! Det er berre så godt!
Og har du kanskje lyst å kjøpe boka mi «Opptur med sunne middagar»? Dette er ei middagsbok med fokus på sunne, raske og enkle kvardagsmiddager + litt ekstra. Den er no på tilbud til 349,- på Frisk Forlag si heimeside HER
Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger når de prøver ut oppskriftene mine! Setter og pris på å bli kreditert når de deler bilder på instagram som @lindastuhaug♥ Følg meg gjerne på instagram og ikkje minst facebook-sida mi HER!
Ha en nydelig dag alle sammen!

Vafler til middag? Ja, kvifor ikkje!

Oppskrifta dåkke får servert med meg idag kjenner mange av dåkke fra før. Det er nemlig den aller mest populære oppskrifta i kokeboka mi Opptur med sunne middagar som blei lansert for godt over eit år sidan. Desse grove, saftige og smakfulle pizzavaflane havna fort på topp, og blei raskt eit favorittoppskrift og den mest populære oppskrifta i heile boka!

Pizzavaflane er utrulig gode og lettvinte å lage – så eg skjønner godt at dette er en populær oppskrift♥ Og det beste med dei er at dei faktisk er like gode kalde som varme. Derfor passer dei like godt i matpakken, som turmat, til frukost, lunsj, på tapasbordet eller kva som helst anna enn kun middag!

Du trenger, 8-10 stk
♦ 100 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl*
♦ 100 g sammalt speltmjøl eller kveitemjøl*
♦ 50 g havregryn
♦ 3,5 dl melk
♦ 3 egg
♦ 100 g original kesam/rømme/creme fraiche
♦ 50 g smør, smelta
♦ 1 ts bakepulver
♦ 0,5 ts salt

Fyll
♦ 150 g raspa ost
♦ 200–300 g skinke, i strimlar/ terningar
♦ 1 bunt vårløk, grovhakka

Slik gjer du:
Bland saman alle ingrediensane til vaffelrøra til ei jevn, klumpfri røre. Røra må svelle minst 20 minutt. Klargjer fyllet i mellomtida.

Så er det berre å varme opp vaffeljernet, helle oppi røre og toppe generøst med ost, skinke og vårløk. Bruk gjerne litt krydder om ønskelig. Lukk vaffeljernet, steik til vaflane er gylne o♥g ha over på rist. Nyt varme, lune eller kalde

Vaflane kan du ete akkurat som dei er, gjerne med litt ekstra grønsaker som tilbehør. Du kan også fylle vaflane med ekstra grønt/pålegg 🙂

Tips/alternativ:
Må du ha glutenfri pizzavafler? Bytt ut sikta og sammalt speltmjøl/kveitemjøl med glutenfritt mjøl – gjerne eg kombinasjon av fint og grovt.

Fyll gjerne vaflene med noko anna enn ost, skinke og vårløk! Du kan bruke dei grønnsakene og det fyllet du ønsker for å lage din egen vri på dei 🙂 Fetaost, paprika, raspa gulrot, salt spekeskinke, salami/fårepølsebiter, små brokkolibuketter, purreløk, tacokjøttdeig og mykje anna godt kan du bruke!

Dette er en super middag du kan klargjere dagen i forveien. Lag vaffelrøra, gjer klart fyllet så gjenstår det berre steiking når du kjem heim fra jobb. Vips så er middagen på bordet iløpet av 10-15 minutter – maks!

Alle dåkke som var på boklanseringa mi i januar i fjor fekk jo og smake på vaflane. Dei fauk unna på 1-2-3, og det var ingenting igjen til meg! Haha 🙂

Etter over eit år som eksklusiv oppskrift i boka mi fant eg ut at eg skulle dele den her på bloggen også, så no håper eg at enda fleire har lyst å teste dei… Eg veit det kanskje høyres litt rart ut med pizzavafler, men PRØV! Det er berre så godt!

Og har du kanskje lyst å kjøpe boka mi «Opptur med sunne middagar»? Dette er ei middagsbok med fokus på sunne, raske og enkle kvardagsmiddager + litt ekstra.  Den er no på tilbud til 349,- på Frisk Forlag si heimeside HER

Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger når de prøver ut oppskriftene mine! Setter og pris på å bli kreditert når de deler bilder på instagram som @lindastuhaug♥ Følg meg gjerne på instagram og ikkje minst facebook-sida mi HER!

Ha en nydelig dag alle sammen!

Annonse

25 Kommentarer

J

Julie

30. mars 2021

Hvor mange personer regner du denne til?

Linda Stuhaug

31. mars 2021

Det kjem heilt an på. 3-4 kanskje, alt ettersom.

A

Anna

25. mars 2021

Kan vaflene fryses?

Linda Stuhaug

26. mars 2021

Det har eg ikkje testa, men det går heilt sikkert fint 🙂

M

Marita

24. mars 2021

Går det an å bruke havregryn og havremel og ikke annet mel?

Linda Stuhaug

25. mars 2021

Alt går an, men dei blir nok litt tunge 🙂

M

Marte

25. februar 2021

Hei elsker oppskriftene dine og tenker at denne skal testes ut som lunsj i matpakka neste uke! Hvor lenge kan røra stå i kjøleskap tror du?

Linda Stuhaug

25. februar 2021

Røra kan stå mange dager. Vertfall 4 😀

S

Solveig Frisvold

24. februar 2021

Det går vel an og blande alt sammen sammen og steke som vanlige vafler?

Linda Stuhaug

24. februar 2021

Det fungerer bedre å gjere det slik som står i oppskrifta 🙂

C

Camilla

24. februar 2021

Fantastiske oppskrifter men går det å få dem i dl å ikke i gram? Har ikke vekt å blir mye å skal lese seg opp på dette

Linda Stuhaug

24. februar 2021

Ikkje alt er like enkelt å måle i desiliter, og gram er en mykje meir presis målemetode. Eg bruker litt begge deler, men fortsetter nok med gram også framover på oppskriftene mine. Det koster 99 kroner for en kjøkkenvekt på clas ohlson, enda billigare på f.eks bruktbutikk, så anbefaler å kjøpe ein slik 🙂

H

Hilde

21. februar 2021

Jeg serverte disse til brunch til familien i dag og det ble en knallsuksess

Linda Stuhaug

22. februar 2021

Fantastisk 😀

V

Vegard

18. februar 2021

Dette ser jo knallgodt og bra ut! Men setter det ikke en del smak igjen i vaffeljernet, til neste gang du skal lage vanlige vafler?

Linda Stuhaug

19. februar 2021

Ikkje noke eg har tenkt på 🙂 Det går no an å vaske lett over jernet etterpå evt 🙂

b

bodil

20. februar 2021

Tror i så fall det blir bare første vaffelen sommkan smake av dette, gårcbra tror jeg hvertfall

Linda Stuhaug

21. februar 2021

🙂

S

Sylvi Ann

14. november 2022

Lag ei " vaskevaffel" av vatn,mjøl og litt salt. Det skal fjerne rester av smak.

M

Marielle

6. januar 2024

Hva kan man bruke istedenfor egg? Har en datter med eggeallergi.

Linda Stuhaug

7. januar 2024

Har ingen konkrete forslag, dessverre. Anbefaler på generelt grunnlag å bruke det man pleier å bruke som erstatning for egg :)

L

Lilli

29. september 2023

Kjempegode vafler 😋 men dessverre opplevee jeg at toppingen setter seg fast i toppen av vaffeljernet, selv med masse smør på. Har fulgt oppskriften til punkt og prikke. Hva kan jeg ha gjort feil?

Linda Stuhaug

1. oktober 2023

Avslutta du med vårløk?😊 Det er gjerne trikset!

L

Linda

16. oktober 2022

Lurer på å sette vaffeljernet på koldtbordet blant annen mat, så kan gjestene steke selv. Hva tenker du om det? Voksent selskap.

Linda Stuhaug

17. oktober 2022

Det er absolutt smart🤩

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg