LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Oppdatert for 7 måneder siden|Middag

Fargerik pastasalat med pesto, bakt søtpotet og rista pinjekjerner

4 porsjoner
Lett
Fargerik pastasalat med pesto, bakt søtpotet og rista pinjekjerner

Hei mandag! Ny veke, nye oppskrifter, masse matglede og inspirasjon 😀 Og eg starter som alltid med en kjøttfri oppskrift, og dagens vegetaroppskrift er ein nyyydelig, smakfull og fargerik pastasalat. Den er ikkje berre vegetarisk, men også vegansk. Dette pleier eg som oftast ikkje å poengtere i oppskriftene mine, men kanskje eg skal begynne å gjere det? Eller er det ikkje så viktig for dåkke om oppskrifter også er veganske når dei er vegetariske? Del gjerne ein kommentar i kommentarfeltet! Uansett, dette var Så godt! Pastasalaten består av pesto-pasta, bakte søtpotetterninger, bønner, fargerike grønnsaker og rista pinjekjerner. Ein perfekt vegetarmiddag (veganmiddag) der eg absolutt ikkje savna noko som helst 🙂 Vi var to som hadde denne salaten til middag, men den passer til 2-4 personer, alt ettersom kor mykje ein ete og om det er noko ekstra tilbehør til. Under ser du bilde av alle ingrediensane. Dette er og noko eg lurer på om eg skal begynne meir med: bilder av ingrediensane eg bruker i oppskrifter. Kva seier dåkkke til det? Supert eller ikkje så viktig? 🙂 TIPS! Når eg ikkje lager pesto sjølv, så kjøper eg alltid Coop sin «Smak forskjellen» pesto. Det er den beste kjøpe-pestoen etter min smak. Den er også uten parmesan og dermed både melkefri og vegansk 🙂 Vil du at pastasalaten skal vere heilt vegansk, så ha i bakhode at pestoen du bruker også må vere det.